top of page

Åsskard kyrkje: Ungdommeleg 150-årslag

for 2 minutter siden
2 min lesing

Meir framtid enn tilbakeblikk prega jubileumsgudstenesta i Åsskard kyrkje. Det sørga barnegruppa Amigos og nye kyrkjebokeigarar for.


Fellesskap av unge og vaksne er eit mål også i kyrkja. Når da Åsskard Bygdekvinnelag pynta til hausttakkefest, koret P17 førte an i lovsongen og mange frå nabosokna deltok, vart samlinga ei verdig markering av 150 års fellesskap for alle.


Tidlaust musikkuttrykk

Etter ei velforma opningshelsing ved soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen deltok små og store i inntoget med haustens grøde. Og her strekte korets «Hosianna» linjene tilbake til Jesu tid.


Musikken er tidlaus: Notida kom flott til sin rett med friske songinnslag ved Amigos. Ja - eine teksten passa perfekt til dagens bibelord! Sokneprest Pål Arne Winsnes knytte små og store aktørar og deira bidrag saman - som i preika over Lukas 12, om kva sann rikdom er.


Bøker som presang

Eit framtidsretta og populært innslag var dei bibelske gåvebøkene til frammøtte 4- og 6-åringar. Så å seie «gebursdagspresang» på kyrkja sin 150-årsfest. Kor og forsamling stemte i «Vi syng med takk og glede» frå 4-årsboka.


Koret berika liturgien

Song og musikk kasta glans over dagen - ikkje minst takka vere koret «Prosjekt 17». Korsatsar utfylte salmesongen, og klassiske tonar gav uttrykk til både prosesjon, takkoffer og sakrament.


Kaffe, kake og helsingar

Attåt ei flott jubileumskake sørga bygdekvinnene for rikeleg tilbehør ved kyrkjekaffen - der både kyrkjerommet og stua var i bruk.


Surnadals ordførar Hugo Pedersen og soknerådsleiar i Todalen, Borghild Talgø, bar fram fine helsingar til 150-årsjubilanten.


… Bernt G. Bøe ...


Gruppa Amigos, leia av Bodil Kvam Aasbø, skapte festpreg med unge og friske tonar. Foto Bernt Bøe
Gruppa Amigos, leia av Bodil Kvam Aasbø, skapte festpreg med unge og friske tonar. Foto Bernt Bøe
4- og 6-åringane fekk bibelbok i presang. Og dei sette pris på gåva. Foto Bernt Bøe
4- og 6-åringane fekk bibelbok i presang. Og dei sette pris på gåva. Foto Bernt Bøe
Som alltid: Åsskard Bygdekvinnelag laga retteleg hausttakkefest med skaparverkets gåver.
Som alltid: Åsskard Bygdekvinnelag laga retteleg hausttakkefest med skaparverkets gåver.

Gunhild Bøklep Bøe (frå venstre), Gunda Bele, May-Britt Hakstad, Aud Jorunn Endresen, Torbjørg Settem og Randi Vetleseter Bøe. Foto Bernt Bøe

Ordførar Hugo Pedersen sette kyrkjejubileet i samtidsperspektiv under si helsing til jubilanten. Foto Bernt Bøe
Ordførar Hugo Pedersen sette kyrkjejubileet i samtidsperspektiv under si helsing til jubilanten. Foto Bernt Bøe
Og jubilanten var absolutt ei kake verd! Foto Bernt Bøe
Og jubilanten var absolutt ei kake verd! Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page