top of page

Hobbykveld i kyrkja: Julestemning ute og inne

for 6 minutter siden
2 min lesing

Snøfnugg pynta opp rundt Åsskard-kyrkja, og inne var det juleverksted. - Veldig triveleg hobbykveld, sa deltakarane.

 

Bortimot 40 små og store bruka torsdagskvelden riktig så kreativt. Her laga dei julepynt av alle slag  - englar, nissar, stjerner, lenkjer, perlearmband, korger og julekort.

 

Respons

- For oss som arrangerer, er det kjekt å få slik respons, seier soknerådets Eva Jorid Svendsen og Aashild Settemsdal og medinstruktør Randi Bøe. - Ikkje minst er det flott når heile ti konfirmantar valde å koma - både for å laga ting og for å hjelpe til. 

 

- Verkeleg artig, bekrefta konfirmantane sjøl. Ja, det kom også ønske om bli med neste gong! 

 

Konfirmantane song

Attåt den stappfulle Kyrkjestua var også hobbybord i bruk inne i hovudrommet. Der inspirerte også piano og preikestol til kreativitet. Og sei ikkje at tenåringar er redde for å synge! Her istemte dei både «Tenn lys» og bordvers.

 

«Folkets hus» og

Og naturlegvis vart «Å du som mettar liten fugl» etterfølgd av det avsluttande høgdepunktet for kvelden - samlinga rundt matbordet. Vertskapet sørga for kakskiv’, egg, ost, kjøttpålegg og syltety - forutan saft og kaffe.

 

Kyrkja kan brukast til mangt. Slike kveldar skaper tydelegvis både trivsel og eigarskap til ein 150-åring som ved slike høve blir eit slags «folkets hus».

 

... Bernt Bøe ...


Aktivitet og skaparglede var på topp. Foto Randi Bøe
Aktivitet og skaparglede var på topp. Foto Randi Bøe
Her blir det stjerner og nisse. Foto Eva Jorid Svendsen
Her blir det stjerner og nisse. Foto Eva Jorid Svendsen
Målarpenselen er fin å bruke. Foto Eva Jorid Svendsen
Målarpenselen er fin å bruke. Foto Eva Jorid Svendsen
Også kyrkjerommet vart verkstad. Foto Randi Bøe
Også kyrkjerommet vart verkstad. Foto Randi Bøe
Seks av konfirmantane flankert av Randi Bøe (t.v.) og Aashild Settemsdal. Foto Bernt Bøe
Seks av konfirmantane flankert av Randi Bøe (t.v.) og Aashild Settemsdal. Foto Bernt Bøe
Samling ved (klingande) piano. Foto Bernt Bøe
Samling ved (klingande) piano. Foto Bernt Bøe
Etter bordverset vart det nydeleg kveldsmat. Foto Randi Bøe
Etter bordverset vart det nydeleg kveldsmat. Foto Randi Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page