top of page

Interesse for historia

  • 15. juni
  • 2 min lesing

Ungdom og historie går ypperleg i hop!

Kvikke og positive niandeklassingar

sette farge på museumsdagen i Bøfjorden.

Ein «bøfjorddag» med bedriftsbesøk og lokal historietime er fast årsavslutning for denne

gruppa ved Surnadal ungdomsskule.

På Bøfjorden Sag vart dei orienterte om den allsidige bedrifta, som leverer tilpassa material

til alskens ulike byggeformål.



Fornying på museet

Vi møtte elevane på Bøfjorden Sjøbruksmuseum, som no er under restaurering. Nye vindu er

på plass, og samlinga har fått mange historiske gåver til opninga av sommarsesongen 2026.

Det gjeld mellom anna ei kiste frå Skrøvset datert 1759, eit piano frå Paris 1861,

sanitærsaker frå Åsskard Helselag, hesteutstyr, meierispann frå Meisingset - og ein flott

modell av galeasen «Loyal».



Gjenstandane fortel

Blant gamle gjenstandar som i seg sjøl hadde mykje å «fortelje», fekk gruppene ein kjapp

historietime med glimt av steinalder og hollendertid, skutebygging, slofart og sandfrakting.

Her var «kjerringkjeft» og ausekar, ostekopp med signingskors og skeiser med tresole.

Eit sjølskrive «clue» på slike dagar er historia om «Mannbjønnen». I år er den særleg aktuell,

ettersom det er 250 år sia mordarbjørnen vart skoten - og 100 år sia Bjønnastøtta i

Haugaskaret vart reist.



Ein tragisk verdensrekord

Denne såkalla «Mannbjønnen» drap 5 menneske i Bøfjord-traktene på 1770-talet: I Trodalen,

på Dragset, på Henda, ved Kalset og i Åkvika. Dette gir bygda ein tragisk verdensrekord,

ifølgje ekspertane. Tilsvarande har aldri skjedd nokon stad.

Niandeklassingane var glupske etter å høre detaljane om dette, sjøl om historia på ingen

måte er barnemat. Gammal overtru vart sitert frå skriftlege kjelder: «De troer, at Mennesker

kan omskiftes saa vel til Ulv som til Bjørn ... Saadanne Bjørne kaldes Mandbjørne, og de

paastaaer at paa saadanne Bjørne bider ingen Kugler, men kun en Sølvknap».

Skyttar-Tølløv og 4x tippoldefar Jo

Da den store bjørneskyttaren Tølløv Folldal i 1776 fekk livet av denne bjørnen, skal det

nettopp ha skjedd med ein sølvknapp i børsa. Og at Jo (Joen) Heggem, 4 x-tippoldefar til ein

elev og ein lærar i salen, var innhyra av Skyttar-Tølløv til ei av bjørnejaktene det same året,

tok dramaet så å seie inn i salen!



Topp «eksamen»!

Med opne sinn og sansar følgde elevane med – om bjørnedramaet og andre delar av

historia. Dette gir håp for historielag og alle som vil formidle at «gammeltida» er grunnlaget

for livet i dag. Ja – da bordlaga arbeidde med «eksamens-quizen» etter historietimen, scora

alle høgt.

Heile tre lag hadde 24 rette svar av 24 mulege! Da vanka det fortent premie – historielaget

sin bag som kan brukast til både gymklede og handel, og som er ypperleg reklame for

historia vår!


... Innsendt av Bøfjorden Historielag ...

<FOTO Interesse A / Fulle hus / tekst:>

Heile tre bordlag hadde 24 rette av 24 mulege. Fortent premie til alle! Foto Bernt Bøe

<FOTO Interesse B / Mannbjønnen / tekst:>

I år er det 250 år sia Mannbjønnen vart skoten etter å ha drepe fem menneske, fortalte

museumsleiar Bernt Bøe. Foto Randi Bøe

<FOTO Interesse C / Topp konsentrasjon / tekst:>

Topp konsentrasjon ved alle bord under quizen. Foto Bernt Bøe

<FOTO Interesse D / Desse tre / tekst:>

Desse tre hadde rette svar på alle spørsmåla. Foto Bernt Bøe

<FOTO Interesse / Quizen ferdig / tekst:>

Og her er quizen ferdig. Foto Bernt Bøe

...........

<For orden skuld: Bruk av foto er avtala med alle>

 
 
 

Kommentarer


bottom of page