top of page

Festleg og rørande

for 2 minutter siden
2 min lesing

Eit halvt hundre frammøtte fekk ei variert og riktig flott musikkstund i Åsskard kyrkje søndag.

 

Jubileumskonserten med songarane Helga Botn og Turid Røen Kroknes, pianisten Brage Kristian Einum og fiolinisten Synnøve Hammervold vart ei uttrykksfull reise gjennom tre hundre år med strålande musikk.

 

Åsskard kyrkje ligg «sentralt» og er visuelt og akustisk eit ypperleg konsertrom for interesserte i eit vidt område. Utan kollisjon med andre store kulturarrangement ville nok oppmøtet ha vore enda større.

 

Uttrykksfull formidling

Etter opning med ein litt komplisert Bach-duett, eit lekkert arrangement av «Mitt hjerte alltid vanker» (med varm fiolinklang frå galleriet) og Purcells dansande «Sound the Trumpet» opplevde vi tre av Brahms’ «Ernste Gesänge». Turid og Brage gav ei uttrykksfull formidling av desse sjeldne bibelstykka, som går rett inn i vår tid: Maktovergrep mot svake, men med lovnad om at tru, håp og kjærleik skal sigre til slutt.

 

Festleg og rørande

Begge songsolistane er godt vaksne damer, men har bevart glans og prakt i stemmen. Og ikkje minst: Dei tolkar stoffet med erfaring, kraft og spirit. Sluttbolken med spirituals og gospelstoff - frigjort, personleg og utan manus - vart ei rein perlekjede av festleg og rørande musisering.

 

Innimellom leika Brage lekkert med lyriske Grieg-stubbar på eit ikkje altfor velstemt piano. Og Synnøve på galleriet – akustisk «fra oven» - la lekre feletonar inn i det gode programmet.

 

Eit verdig kulturinnslag i Åsskard-kyrkja sitt jubileumsår.

 

… Bernt G. Bøe ...


Turid Røen Kroknes (frå venstre), Brage Kr. Einum, Helga Botn og Synnøve Hammervold skapte ei festleg musikkstund i Åsskard-kyrkja. Foto Bernt Bøe
Turid Røen Kroknes (frå venstre), Brage Kr. Einum, Helga Botn og Synnøve Hammervold skapte ei festleg musikkstund i Åsskard-kyrkja. Foto Bernt Bøe
Helga og Turid, med tonefølgje på piano og fiolin, opna konserten med «Domine Deus» frå Bachs Messe i G-dur. Foto Bernt Bøe
Helga og Turid, med tonefølgje på piano og fiolin, opna konserten med «Domine Deus» frå Bachs Messe i G-dur. Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page