top of page

Fengande tema: Vegane våre

  • for 12 timer siden
  • 2 min lesing
Forsamlinga var fascinert av interessant veghistorie. Foto Bernt Bøe
Forsamlinga var fascinert av interessant veghistorie. Foto Bernt Bøe

Med imponerande kunnskap formidla Terje Holm nordmørsk veghistorie på museet i Bøfjorden søndag.

 

Han tegna to hovudlinjer - Gylhamrane og Nordmarksvegen. Bilveg frå Kvisvika til Tingvoll vart opna 1. juli 1931 og knytte Nordmøre til Oppdal og jernbanenettet. Holm viste både arbeidsteknikk og lønnsforhold. Samferdselsstrategen Wilhelm Dall spela ei betydeleg rolle i prosjektet.

 

Første tunnel i Gylhamrane, Vulviktunnelen vart opna i mai 1955 - to år etter at ras ved vegen gjorde tunnelbygging nødvendig.

 

Markavegen – med kvalbeinfunn

Vegen over Nordmarka i Surnadal vart «prøvekjørt» med bil av bøfjordingen Åge Garthe hausten 1936, men offisielt opna i 1938 etter ein byggeperiode på nesten ti år. Gunnvor Bøe på kjøkenet kunne fortelje at før vegen kom, gjekk mor hennar på ski frå Surna til Bøfjorden på teneste!

 

Og Terje Holm fletta inn riktig gammel historie: Ved Trøbekken i Bøverfjorden fann vegarbeidarane bein av ein fleire tusen år gammel grønlandskval i traseen! Beina hamna sia på Nordmøre Museum i Kristiansund og brann der opp under krigen.

 

Men ein av vegarbeidarene tok vare på noko av skjelettet. Og under kåseriet kunne sjøbruksmuseet - for ei måpande forsamling - vise fram to ryggskiver av kvalen i Bøverfjordlia!

 

Ferje og sjøfly

Foredragshaldaren fletta også tidleg ferjetrafikk og endatil sjøflyruter inn i foredraget - som var illustrert av relativt få, men gode foto.

 

Nordmøre hadde organisert ferjetrafikk alt frå 1928 (Kvanne-Røkkum). - Dette var så å seie før andre kystområde eingong hadde sett ei bilferje! bemerka kåsøren.

 

Han refererte også til gamle Nils Halse, som tidleg bygde ferjekai og ekspederte trafikken Halsa Kanestrøm. Barnebarnet Nils Halse var i salen og bekrefta dette - også ein halvdramatisk episode frå krigen, da ein misfornøgd tysk general Frankenhorst laut vente ved kaia.

 

Nils Halse nemnte også sjøfly med passasjerar til Kristiansund alt i 1931. Dette som supplement til Holms opplysning om at første faste sjøflyrute dit kom i 1935 - Det Norske Luftfartsselskap.

 

Meir under «ordet fritt»

Eldre vegplaner vart også nemnt under «ordet fritt». Veg frå Surnadal over Bøverdalen og Holtaskaret til Valsøyfjorden var drøfta alt i 1826. Året etter gjekk eit folkemøte inn for å bygge «Bygdevei frå Halsenøstene til Bøfjorden» - for vidare samband.

 

Dette vart på grunn av vanskeleg terreng omgjort til «blott Ridevei» og etter kvart skrinlagt. Men på trimruta mellom Kalset og Kvalnesvika finst det enno synlege muringar etter den påbegynte bygdevegen.

 

Besøket på museet var godt og bekrefta at lokal veghistorie interesserter mange.

 

... Bernt G. Bøe ...


Forsamlinga var fascinert av interessant veghistorie. Foto Bernt Bøe
Forsamlinga var fascinert av interessant veghistorie. Foto Bernt Bøe
Kåsør Terje Holm (t.v.) saman med naboar frå byen, Heljar Siira og Johan B. Siira. Foto Bernt Bøe
Kåsør Terje Holm (t.v.) saman med naboar frå byen, Heljar Siira og Johan B. Siira. Foto Bernt Bøe
Frå lerretet: Vegbygging i Gylhamrane rundt 1930.
Frå lerretet: Vegbygging i Gylhamrane rundt 1930.
Frå lerretet: DS «Kværnes» i Kvisvika med bilar og folk på opningsdagen for vegen Treeikrem-Gyl 1. juli 1931. Merk motar og tekniske detaljar!
Frå lerretet: DS «Kværnes» i Kvisvika med bilar og folk på opningsdagen for vegen Treeikrem-Gyl 1. juli 1931. Merk motar og tekniske detaljar!
Bevarte ryggskiver frå kvalen dei fann i Bøverfjordlia i 1930. Nervekanalane er tydelege etter fleire tusen år. Foto Bernt Bøe
Bevarte ryggskiver frå kvalen dei fann i Bøverfjordlia i 1930. Nervekanalane er tydelege etter fleire tusen år. Foto Bernt Bøe
Frå lerretet: Bersetbrua i Surnadalen under bygging i 1930-åra.
Frå lerretet: Bersetbrua i Surnadalen under bygging i 1930-åra.

 
 
 

Kommentarer


bottom of page