top of page

17.-19. juli: Bøfjordhelga tek form

  • for 2 døgn siden
  • 2 min lesing
Arbeidsgruppa har det meste klart til Bøfjordhelga. Frå venstre Liv Hoås, May Iren (Mayse) Dønheim Hovde, Randi Bøe, Morten Kr. Berg, Inge Dønheim, Odd Ragnar Bekken, Arnt Kjetil Bøe og Terje Endresen. Foto Bernt Bøe

Nytt fjøs, fotball, quiz, loppis, kunst, veterankjørety, handverk, barneleik, riding, fjordliv, pubkveld, bacalao og rovdyrminne: Bøfjordhelga i juli blir rik på opplevingar.

Med Bøfjorden Historielag som motor skuvar mange lag, bedrifter og ressurspersonar på. Noko er enno under utforming, men historielaget nemner alt no mykje ein byr fram.

Nyfjøs, fotball og quiz

Fredag er det først opning av spilder nytt , moderne fjøs i Søgarden på Bø. Om kvelden møtest Bøfjord og Halsa til fotballkamp Leikarvollen. Så inviterer Elvanesset Restaurant til spennande quiz.

Rik laurdagsmeny

Laurdag rullar veterankjøretya opp ved Kveldheim - der ein også får kjøpt mat. Marita byr på ponnyriding. Gammelskulen har loppis.

Ilabukta med hamna, Bua og Saga blir arena for mange opplevingar. På Saga kjøper ein kaffe og kan få innsyn i gamle dagars produksjon av eksportkassar for kleppfisk. «Elias-kjøring» på hamna er planlagt for ungane - attåt spennande konkurransar. Tauhespe-kast blir ei artig tevling.

Tønner, knop og kunst

På lista over handverk og maritim teknikk står bøkker Tor Fjærli som lagar tønner medan andre viser skipsknutar (knop) og «kalfatring». (Lurar du på kva det er, så kom og sjå!) Skuta «Skjellfjord» med skipper Bekken blir der - forhåpentleg i lag med fleire fjordafarty.Biletkunstnarane Eli Orset og Inga Dalsegg har meldt si deltaking. Vakker kunst blir å sjå og få kjøpt!

Laurdagen sluttar med pubkveld og musikk på Buakaia.

Bacalao og drama på museetSøndag 19. juli er det bacalaomiddag, kaffe, utstilling av klinkabåtar og dramatisk «Dagens Tema» på Sjøbruksmuseet.  

Det er no 250 år sia Skyttar-Tølløv skaut Mannbjønnen og Bjønnastøtta dermed 100 år. Dette får ei sterk framstilling - med ferske fakta: Kven frå bygda var med Tølløv på bjørnejakt? Og du får sjå korleis Tølløv støypte sølvkula som felte Mannbjønnen! Programmet er krydra med nifs folketru og rystande sitat.

- Altså ei storhelg tre dagar til ende, med litt av kvart for alle på programmet, seier arrangørane.

Ei utlodninga går heile helga, med trekning på museet søndag.

... Bøfjorden Historielag ...

Arbeidsgruppa har det meste klart til Bøfjordhelga. Frå venstre Liv Hoås, May Iren (Mayse) Dønheim Hovde, Randi Bøe, Morten Kr. Berg, Inge Dønheim, Odd Ragnar Bekken, Arnt Kjetil Bøe og Terje Endresen. Foto Bernt Bøe
Arbeidsgruppa har det meste klart til Bøfjordhelga. Frå venstre Liv Hoås, May Iren (Mayse) Dønheim Hovde, Randi Bøe, Morten Kr. Berg, Inge Dønheim, Odd Ragnar Bekken, Arnt Kjetil Bøe og Terje Endresen. Foto Bernt Bøe
Fredag kveld blir det freske fråspark på Leikarvollen – om enn mindre drastisk enn på fotballgruppa sin KI-redigerte plakat!
Fredag kveld blir det freske fråspark på Leikarvollen – om enn mindre drastisk enn på fotballgruppa sin KI-redigerte plakat!
Odd Ragnar Bekken med skuta «Skjellfjord» vil prege hamnemiljøet i Ilabukta om laurdagen. Foto Randi Bøe
Odd Ragnar Bekken med skuta «Skjellfjord» vil prege hamnemiljøet i Ilabukta om laurdagen. Foto Randi Bøe
Veterankjørety inntek ekra attmed Kveldheim – som her for to år sia. Foto Bernt Bøe
Veterankjørety inntek ekra attmed Kveldheim – som her for to år sia. Foto Bernt Bøe
Å få kjøre «Elias» er artig! Foto Bernt Bøe - under Bøfjordhelga 2024.
Å få kjøre «Elias» er artig! Foto Bernt Bøe - under Bøfjordhelga 2024.
Bøkker Tor Fjærli vil vise korleis tønner og kvartill blir laga. Her under ein temadag på Sjøbruksmuseet for nokre år sia. Foto Bernt Bøe
Bøkker Tor Fjærli vil vise korleis tønner og kvartill blir laga. Her under ein temadag på Sjøbruksmuseet for nokre år sia. Foto Bernt Bøe

Kommentarer

bottom of page