top of page

Fiskarliv på museet

29. juli
1 min lesing

Med tema «Snurpefiske» fokuserer Bøfjorden Sjøbruksmuseum denne søndagen fullt og heilt på nettopp sjøbruk.

 

På heile Nordmøre har fiske vore ein livsviktig næringsveg. Snurpeflåten med sin gullalder på 1950-talet skapte ein velstand vi ikkje kan glømme.

Kjende Averøy-båtarSøndag vil Magne Norman Otterlei, assistert av Olav Otterlei og Charles Leite, halde biletkåseri om Averøy-snurparane «Veslegut», «Møre» og «Anna O». Dette er kunnskap om vår felles livshistorie.

 

Fartymodellar

Dei viser også eigne modellar av kjente farty og såleis følgje opp den flotte temadagen dei hadde på museet i fjor.

Lokalt mannskapPå «Veslegut», «Møre» og «Anna O» var mykje mannskap frå Bøfjorden og nabobygdene. Slik gir programmet både gjenkjenning og dokumentasjon av historia om silda - «havets sølv».

 

Sølvsild – og kaffe

Kvar av dei nemnte båtane representerer mykje spennande historie og utvikling. Kva betydde ringnota? Kva var «Sølvsilda»? Og mange profilar blant fiskarar og skipsbefal blir trekte fram – mens duften av kaffe frå byssa (nei, kjøkenet!) fyller salen.

 

... Bøfjorden Historielag ved Bernt G. Bøe ...


Magne Norman Otterlei er hovudaktør i båtprogrammet. Foto Bernt Bøe
Magne Norman Otterlei er hovudaktør i båtprogrammet. Foto Bernt Bøe
Snurparen «Møre» med storsildkast. Arkivfoto Bøfjorden Historielag
Snurparen «Møre» med storsildkast. Arkivfoto Bøfjorden Historielag
«Veslegut» hadde ei lang og fargerik livshistorie. Arkivfoto Bøfjorden Historielag
«Veslegut» hadde ei lang og fargerik livshistorie. Arkivfoto Bøfjorden Historielag
«Anna O» var bygd i 1964. Innfelt skipper Kåre I. Bøklepp. Privat foto
«Anna O» var bygd i 1964. Innfelt skipper Kåre I. Bøklepp. Privat foto
Charles Leite har laga denne detaljerte modellen av jekta «Hansine». Foto Bernt Bøe
Charles Leite har laga denne detaljerte modellen av jekta «Hansine». Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page