Hyggeleg besøk
- for 16 minutter siden
- 1 min lesing

Både fastbuande og gjestar kan oppleva mykje ved eit museumsbesøk - som da unge ukrainarar besøkte Bøfjorden Sjøbruksmuseum måndag.
Med flyktningkonsulent Olav Bergheim som leiar fekk gruppa først eit lite innblikk i skipsbygging og seglskutefart. Ordet «bacalao» var felles begrep og forklarte Lofot-trafikken etter skrei til kleppfiskberga.
Modellskuter og Mannbjønn
Modellar av slike slofartskuter - «Freya», «Aurora», «Loyal» og «Svanhild» imponerte ungdomane. Sandfrakting, fiskeutstyr, ausekar og «søvestring» konkretiserte historia i fjordbygda.
Tolk Kateryna kom Bernt Bøe så å seie i forkjøpet da ho skildra Mannbjønn-historia for gjestane. At dette rovdyret tok livet av fem menneske, kunne absolutt kallast «world record», tykte dei.
«Same Jakki»
Samedrakta på museet har si eiga historie - utanom sjøbruk. Den var nemleg med i den legendariske filmen «Same Jakki» (Året med samane) frå 1957. Drakta kom seinare i Ole Flessen si eige, og han gav ho til museet. Unge Artom iførte seg like godt dei fargerike gevantane og vart naturleg fotoobjekt i kretsen av vennene.
Midt i opphaldet i eit framandt land er kanskje slike visittar bidrag til positiv integrering? Bøfjorden Historielag takkar for besøket og ønskjer alle velkomne att!
… For Bøfjorden Historielag: Bernt Bøe …

Kommentarer