top of page

Åsskard måndag: Barnas Kyrkjekveld

for 1 minutt siden
1 min lesing

- Barna eig kyrkja si! Difor hører bruk og læring saman, seier Åsskard sokneråd og inviterer dei mellom 4 og 6 år til ein leikprega kveld måndag.


Her får ungane gjera mykje: Leike dokkedåp, få lyd i klokker og orgel, øve høgtideleg prosesjon og tenne lys. Frå «Mi Kyrkjebok» blir det song og historier.


Til slutt får alle mat i Kyrkjestua.


Søndag den 4. oktober er jubileumsgudsteneste når kyrkja fyller 150 år. Da får 4- og 6-åringane «Mi Kyrkjebok» i gåve.


… Innsendt av Åsskard sokneråd …


Kyrkjerommet er arena også for leik og spel. Her frå ein tidlegare kyrkjekveld. Foto Bernt Bøe
Kyrkjerommet er arena også for leik og spel. Her frå ein tidlegare kyrkjekveld. Foto Bernt Bøe
Artig å få lyd i kyrkjeklokkene! Foto Bernt Bøe
Artig å få lyd i kyrkjeklokkene! Foto Bernt Bøe
Her blir dokka døypt – med kva namn, tru? Foto Bernt Bøe
Her blir dokka døypt – med kva namn, tru? Foto Bernt Bøe
Høgtidsstund: Å tenne lys i globen. Foto Bernt Bøe
Høgtidsstund: Å tenne lys i globen. Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page