top of page

Sesongslutt: - Ballen smaka godt!

for 12 timer siden
3 min lesing

- Historia vår er umisteleg. Flott at den blir formidla vidare! Mange kom med rosande ord da historielaget i Bøfjorden runda av sin 32. sommarsesong med tradisjonell sildballfest og historieglimt søndag.

 

At sildball har gått frå fattigmannskost til festmat, viste seg for fullt. Det var fullsett rundt borda - av gjestar frå fjern og nær. – Og ballen smaka godt! var ein hyppig kommentar.

 

Sletta-prologen

Eit biletkåseri med glimt frå forskjellige utgåver av årboka «Gamle Nordmør» var nettopp formidling av umisteleg lokalhistorie. Bureisinga i Sletta starta på 1940-talet da familiar flytta inn i høyløer og seterskjel og «brøytte seg rydning», som visa seier. Johnse Sættem sin prolog ved 50-årsjubileet i 1990 sette ord på innsatsen.

 

Hundre år med dampen

Dampbåtane batt Nordmøre saman i hundre år frå 1850-talet. Hjuldamparen «Nordmør» vekte oppsikt – også ved at den etter forliset ved Stangvika i 1863 vart «brakt flott» av geniet Nils Sæterøy – ved hjelp av tomtønner. Dampsluppen «Beta» endte sine dagar som vrak og «leikebåt» for ungane på Bølandet.

 

Ulike minne

Glimt frå krigen, der tre unge frå noverande Surnadal sette livet til, var minne som aldri skal glømmast.

 

Da lokalbandet «Styrbord» dukka opp på lerretet, kunne historielagets Inge Dønheim fortelje om si fartstid som songar og gitarist i gruppa for 40-50 år sia. 

 

Serien var også innom 80 år med samvirkebutikk på Bølandet og påminte om at den må brukast for ikkje å forsvinne. 

 

Frå Sjøflot til Liverpool

Og tenk at restane av segljakta «Flora», bygd på Sjøflot rundt 1890 – til no har vore å sjå utafor Liverpoo! Som slofartskute, fraktebåt, restaurert seglar (i Gibraltar og på Middelhavet) og som cruiseskip på Mersey attmed fotballbyen fekk skuta hans August Sjøflot litt av ein karriere!

 

Torvikstua på Åsen

Under tittelen «Hus på flyttefot» fekk publikum følgje den noverande Røykjestua på Surnadal Bygdemuseum frå Torvika, der ho vart reist i 1761 via Stangvika (som bygdemuseum der) og til Åsen, der ho no står. Bilete frå 1988, da Bøfjorden skule arrangerte «Jul i Røykjestua» gjorde særleg inntrykk. Den gong inviterte skulen nemleg både Gjertrud Hamnes (fødd 1903), Marit Settem (fødd 1905) og Gunda Næss (fødd 1914) på kaffe og fattigmann i stua der dei alle hadde vakse opp den gong stua stod i Torvika! 

 

Historia talar

På eit museum som dette talar historia frå veggane. Somme kjente att utstyr frå skredderiet i Settemsdalen. Unge Kaia og Kristen fekk lyst til å tegne utstilte skuter. At samlinga også har ei «kofte» som var med i storfilmen «Same Jakki» (1957), måtte forklarast: Gåve frå Ole Flessen, som i si tid fekk den av ein som deltok i filmen.

 

Påskjønning

Frå museets trufaste publikum, og med støtte av Blomstermakeriet Orkideen i Surnadal, overrekte Øyvind Magnor Bøe ei gåve til leiinga i Bøfjorden Historielag som takk for arbeidet med søndagsopne program på sjøbruksmuseet kvar sommar. Med ståande applaus støtta dei frammøtte denne takken for formidling av lokalkulturen – noko mange framheva.

 

Trekning

Eit høgdepunkt på avslutningsdagen var trekninga av sommarutlodinga 2026. Historielaget, og dermed museet, har ikkje fast offentleg stønad. All drift skjer på dugnad. Midlar til strøm, forsikring og andre nødvendige utgifter blir hovudsakleg skaffa ved kaffeservering, salg av årbok og ved utlodning. 

 

Årets basar har gått bra, og styret takka for både gevinstar og loddkjøp. Mange kunne dra berika heim etter trekninga denne dagen!

 

Takk for felles dugnad

Styret takka elles dei mange temakåsørane denne sommaren. Ikkje mindre takk blir retta til dei bortimot tjue frivillige som har gjort kjøkenteneste – og sjøl skaffa kaffemat utan betaling. Dette kallast på godt bygdenorsk for dugnad!

 

Eit raskt overblikk over besøkstala syner at gjennomsnittleg eit halvt hundre menneske har besøkt Bøfjorden Sjøbruksmuseum kvar søndag sommaren 2026. Eit høgt tal i ei bygd med under 300 innbyggjarar. 

 

… Innsendt av Bøfjorden Historielag …


Leiinga i historielaget fekk gåve og takk for nok ein innhaldsrik sommar på museet. Frå venstre Gunnhild Vetleseter Bøe, Inge Dønheim, Bernt Bøe, Tore Sannes og Kristian Settem. (May Iren Dønheim Hovde var ikkje til stades denne dagen.) Foto Mali Hildrun Settem
Leiinga i historielaget fekk gåve og takk for nok ein innhaldsrik sommar på museet. Frå venstre Gunnhild Vetleseter Bøe, Inge Dønheim, Bernt Bøe, Tore Sannes og Kristian Settem. (May Iren Dønheim Hovde var ikkje til stades denne dagen.) Foto Mali Hildrun Settem
Over seksti var innom museet i løpet av balldagen. Foto Bernt Bøe
Over seksti var innom museet i løpet av balldagen. Foto Bernt Bøe
Kaia (11) og Kristen (6) vart imponert av dei flotte skutene på museet og fekk lyst til å teikne sine eigne. Foto Bernt Bøe
Kaia (11) og Kristen (6) vart imponert av dei flotte skutene på museet og fekk lyst til å teikne sine eigne. Foto Bernt Bøe
-Artig å sjå att knappholmaskina og persjarnet frå Settemsdal AS, tykte søskena Ingrid og Bjarne Settemsdal. Foto Bernt Bøe
-Artig å sjå att knappholmaskina og persjarnet frå Settemsdal AS, tykte søskena Ingrid og Bjarne Settemsdal. Foto Bernt Bøe
Randi Bøe, Eva Dønheim og Tore Sannes serverte middag til ballsvoltne gjestar. På vegner av sesongens store kjøkenstab fekk dei fortent takk og applaus. Foto Mali Hildrun Settem
Randi Bøe, Eva Dønheim og Tore Sannes serverte middag til ballsvoltne gjestar. På vegner av sesongens store kjøkenstab fekk dei fortent takk og applaus. Foto Mali Hildrun Settem

 
 
 

Kommentarer


bottom of page