top of page

Helgemessesøndag: Lys i det vemodige

for 3 minutter siden
1 min lesing

Varme og håp pregar søndagens allehelgensgudstenste (helgemesse) kyrkjene våre. Midt i vemod og sakn tenner vi lys for håpet.


I Surnadal er det med 2-3 timars mellomrom ei rekkje gudstenester utover dagen - i Ranes, Åsskard, Stangvik og Mo kyrkjer. Desse er felles samlingar for heile kyrkjelyden og er som vanleg opne for alle. Samtidig får dei som har mista nokon av sine, ein særleg invitasjon.


Dobbel bakgrunn

Vår allehelgensfeiring tek opp i seg to historiske høgtidsdagar: Ein for alle heilage utan eigen minnedag («Helgemesse», 1. november) og «Alle sjelers dag», opprinneleg 2. november.


Tradisjonen med å feire desse på éin og same dag har vakse fram dei siste tiåra. Allehelgens har vorte ei varm og viktig høgtid i kyrkjene våre og er ønska av mange.


Tonar og tekster om håpet

Eit vakkert innslag i liturgien er lystenning for dei som har gått bort siste året. I bygdene våre handlar det gjerne om menneske vi kjente. Elles kan ein tenne lys både på kyrkjegarden og i globen inne.


Deltaking

Tradisjonelt har konfirmantar og andre i kyrkjelyden delteke med oppgåver som understrekar dagens varme og samlande innhald.


Også korgrupper er gjerne med i helgemessa. Musikken og salmeskatten er rik på gripande innhald til denne høgtida.


Somme av sokna byr på kyrkjekaffe etter messa - med høve til samver og samtale.


Innsendt av Bernt Bøe, sekr. I Åsskard sokneråd




 
 
 

Kommentarer


bottom of page