top of page

Vellykka Bøfjordhelg: Finale med bacalao og bjønn

21. juli
2 min lesing

Salen stappfull og bacalogryta raskt tom: Finalen på museet bekrefta ei vellykka Bøfjordhelg.

Fiskemiddag og kåseritema drog mange. Ekstra stolar måtte til.

Autentisk

Eit veldokumentert biletforedrag markerte 250-årsminnet om landets største rovdyrdrama. Den såkalla «Mannbjønnen» drap fem menneske i Bøfjordtraktene før «autoriseret Bjørnejeger» Tølløv Foldal felte den i 1776. Fascinerande anekdoter om «Skyttar-Tølløv» og autentiske skildringar av hendingane skapte ei særeigen stemning.

Historiske effekter

At etterkomarar av meisterskyttaren var i salen, gjorde dramaet kortreist og gripande. Innflytta bøfjording Terje Endresen og meldalingane Marit Blokkum og Frank Blokkum er slektningar av Tølløv!

Kyrkjeboknotat, militærbrev og den samtidige Dragset-visa frå 1770-åra bekreftar folkelege overleveringar. Eit notat frå 1776 om lønn til Tølløv og bøfjordingane Ole Bøe, Ole Audensen og Joen Olsen Heggem etter «14 Dage paa Bjørneskytteri» vart aktualisert da Terje Endresen (4x-tippoldesønn av Tølløv) og John Heggem jr (4x-tippoldesønn av Joen Olsen) entra salen. Bjørnerifle frå Settemsdalen, kulestøypartong og andre ting utfylte historia.

Eit riktig sjarmerande ekstranummer stod niåringen Olav Wiig-Rønning for: Han kunne vise fram hjørnetenner av ein bjørn som tippoldefaren Herman Mauset skaut i Tverrådalen i 1915!

Middag og gevinst

May Iren, Eva og Carina på kjøkenet fekk mykje ros for velsmakande bacalaomiddag. At etterspørselen var større enn kapasiteten, får skuldast uventa stort frammøte.

Eit høgdepunkt i avslutninga av ei innhaldsrik Bøfjordhelg var trekninga av helgagevinsten – Eli Orsets måleri «Urørt». Vinnaren Magnhild Bøe var alt anna enn «urørt» da ho mottok det flotte kunstverket!

Hovudarrangør Bøfjorden Historielag uttrykkjer stor takk til alle som på kvar sitt vis har gjort denne helga til ei rein festreise.

... Innsendt av Bøfjorden Historielag ...

Stappfullt museum på avslutninga av Bøfjordhelga 2026, med Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen på programmet. Foto Randi Bøe
Stappfullt museum på avslutninga av Bøfjordhelga 2026, med Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen på programmet. Foto Randi Bøe
Med kvar si tilknyting til dagens tema: Fremst den unge entusiasten Olav Wiig-Rønning (9). Bak frå venstre: Frank Blokkum, Terje Endresen, John Heggem jr og Marit Blokkum. Foto Bernt Bøe
Med kvar si tilknyting til dagens tema: Fremst den unge entusiasten Olav Wiig-Rønning (9). Bak frå venstre: Frank Blokkum, Terje Endresen, John Heggem jr og Marit Blokkum. Foto Bernt Bøe
Niåringen Olav hadde spennande ting i eska si … (Foto Bernt Bøe)
Niåringen Olav hadde spennande ting i eska si … (Foto Bernt Bøe)
... nemleg desse ekte tennene av bjørnen som tippoldefar Herman Mauset skaut i 1915!  Foto Randi Bøe
... nemleg desse ekte tennene av bjørnen som tippoldefar Herman Mauset skaut i 1915! Foto Randi Bøe
Historiske linjer frå 1776: Tølløv var 4x-tippoldefar til Terje Endresen (t.v.), og jaktkameraten, Joen Olsen «den første» på Heggem, var 4x-tippoldefar til John «den åttande» (t.h.). Terje har for høvet lånt seg bjønnabørse frå Oppigarden i Settemsdalem. Foto Bernt Bøe

Ei rørt (!) Magnhild Hustad Bøe vann storgevinsten - biletet «Urørt» av Eli Orset. Foto May Iren Dønheim Hovde
Ei rørt (!) Magnhild Hustad Bøe vann storgevinsten - biletet «Urørt» av Eli Orset. Foto May Iren Dønheim Hovde
Mykje dugnad ligg bak ei vellykka Bøfjordhelg. Terje Endresen (t.v.) og Lars Lillegård er to av dei mange aktive som får fortent takk frå arrangør Bøfjorden Historielag. Foto Bernt Bøe
Mykje dugnad ligg bak ei vellykka Bøfjordhelg. Terje Endresen (t.v.) og Lars Lillegård er to av dei mange aktive som får fortent takk frå arrangør Bøfjorden Historielag. Foto Bernt Bøe

Kommentarer

bottom of page