top of page

Ukjend historie: Aura – eit sant eventyr

  • for 2 minutter siden
  • 3 min lesing

- Og vi som trudde vi kunne nordmørshistoria! kom det frå salen. - Men dette visste vi ikkje! Familien Øiestad både overraska og imponerte med Aura-historia på museet i Bøfjorden søndag. For dei 60-70 frammøtte var det som ei låst kiste vart opna.


Det kvite gull

Formidlaren Johan Lyche Øiestad kan meir enn å trimme lattermusklane hos sitt publikum. Hans foredrag om korleis vasskrafta, «Det kvite gull», grunnla vår velstand, skapte stor interesse. Med fotoassistanse av sønnen Ole Bodvar og med kona Dagny Marie som sufflør og inspirator gav han flott innsikt i ein epoke som forma kvardagen vår.


1200 tilsette

Privatselskapet Aura si pionertid 1913-1919 utgjorde storparten av foredraget. Med tanke på vasskraftutbygging bygde selskapet eit imponerande system av tunnelar, jernbane, hus og brakker i Sunndalsfjella. Sommaren 1914 hadde AS Aura 1200 personar i jobb!

 

- Det gikk jernbane frå Øra og opp Litldalen til Dalaråa, fortalte Johan og viste kortfoto med påskrifta «Sundalsøren Jernbanestation»! - Vogner, lastebilar, materiell og folk vart drege opp fjellsida – a la Fløybanen i Bergen.

 

Drog «strømlinjene»

Følgjene av krigsutbrotet i 1914 skapte store vanskar. Drifta av «Aura I» stoppa i 1919. I 1940-1942 gjorde tyskerane mislykka forsøk på å fortsette.

 

Likevel: Øiestad kunne så å seie dra «strømlinjene» frå gamle AS Aura til Norsk Hydro og vår tid.  – Sjå berre der! sa han da lyset i salen vart slege på etter kåseriet: - Kva har ikkje «Det kvite gull»  å bety – både for stor industri og for vår felles kvardag!

 

Kunnskapen om pionertida var illustrert på beste vis av Ole Bodvar med historiske foto på lerretet – av rallarane, imponerande skinnetrasear, vogner og heisesystem.

 

Kunne vore attraksjon

– Jernbanen innover fjellet var intakt frå 1914 til 1954, sa Johan. - Dessverre vart omtrent heile anlegget fjerna. Det ville ha vore ein av landets desidert flottaste turistattraksjonar!

 

Og tilhørarane nikka da han bemerka at mange no kjører Aursjøveien uten å ane at her var fødestaden for velferdsamfunnet Sunndalsøra og meir enn det!

 

Til eige gitarkomp fletta han inn ei vise med dagens tema i poetiske vendingar. Og saman med Dag Egil Bundgård framførte Johan ein prolog der deler av historia var forma på vers.

 

Kanna frå «Surendalsfjord»

Ei kaffekanne med inskripsjon «Surendalsfjord» på museet vart ein liten parentes i Aura-historia. Det hypermoderne dampskipet «Surendalsfjord» vart bygd i 1915 med planer om stor trafikk til det forventa eventyret  i Sunndalen – der 2000 mann skulle jobbe. Slik gikk det altså ikkje. «Surendalsfjord» vart selt til Russland alt i 1916. Kaffekanna hamna derimot av ein eller annan grunn i Rindalen! Og derifrå kom ho som gåve til det maritime miljøet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.


Familien Øiestad laga ei flott oppleving på sjøbruksmuseet søndag: Dagny Marie (stimulert av husets bakels og graut), fotoformidlar Ole Bodvar og kåsør Johan. Foto Bernt Bøe
Familien Øiestad laga ei flott oppleving på sjøbruksmuseet søndag: Dagny Marie (stimulert av husets bakels og graut), fotoformidlar Ole Bodvar og kåsør Johan. Foto Bernt Bøe
Johan Lyche Øiestad – allsidig formidlar. Foto Bernt Bøe
Johan Lyche Øiestad – allsidig formidlar. Foto Bernt Bøe
Dag Egil Bundgård og Johan Øiestad med Aura-historikk på vers. Foto Bernt Bøe
Dag Egil Bundgård og Johan Øiestad med Aura-historikk på vers. Foto Bernt Bøe
Mange finn vegen til museet – ikkje minst ein slik dag. Foto Mali Hildrun Settem
Mange finn vegen til museet – ikkje minst ein slik dag. Foto Mali Hildrun Settem
Kort som fortel om planer og optimisme for over hundre år sia! Foto frå lerretet
Kort som fortel om planer og optimisme for over hundre år sia! Foto frå lerretet
Rallarane uretta eit fantastisk arbeid med enkelt utstyr. Lokomotivet – med namnet «Aura I»  -peika mot framtida. Foto frå lerretet
Rallarane uretta eit fantastisk arbeid med enkelt utstyr. Lokomotivet – med namnet «Aura I» -peika mot framtida. Foto frå lerretet
Da og no: Spora er enno tydelege mange stader! Fotomontasje frå lerretet
Da og no: Spora er enno tydelege mange stader! Fotomontasje frå lerretet
Det moderne dampskipet «Surendalsfjord» var innretta på stor trafikk til Sunndalen, noko som tidleg vart uaktuelt. Arkivfoto Bøfjorden Historielag
Det moderne dampskipet «Surendalsfjord» var innretta på stor trafikk til Sunndalen, noko som tidleg vart uaktuelt. Arkivfoto Bøfjorden Historielag

Bernt G. Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page