top of page

Skipper Bekken på museet: Skuter og skrog

  • for 3 timer siden
  • 2 min lesing

Med skuta «Skjellfjord» tek Odd Ragnar Bekken vare på umisteleg skipskultur. Søndag deler han ein rik tradisjon med gjestane på museet i Bøfjorden.

 

Odd Ragnar har sjø og båt i blodet. Faren Hermann dreiv sildefske og reketråling med skøyta «Brødrene». Morfar Ola bygde klinkabåtar, men hadde også fortid i skutefaget.

 

Opplevingar og oppgåver

Som pensjonert industriarbeidar dyrkar Odd Ragnar til fulle si interesse for båt og fiske. Hundre år gamle «Skjellfjord» skaffar han både opplevingar og oppgåver. I det siste har tid og midlar gått med til fornying av skroget, noko han viser på museet søndag. Du får vite kva kalfatring, klink og kravell er for noko!

 

Nabo til museet

Heime på «Flisespikkeriet» har han laga skilt til Bøfjorden Sjøbruksmuseum og andre bygningar. Motorinteressa slår igjennom når Sabb-motoren tøffar ved museet.

 

Slagferdig kåsør

Som tidlegare trommis i «Trollheimsbrass» er Odd Ragnar meir «slagferdig» enn dei fleste - i dobbel forstand. Både hans muntre replikk og handtering av skipsplank og drevjarn er nok bestefarsarv frå Bølandet.

 

Det kan bli ei artig og lærerik temastund på sjøbruksmuseet søndag - under tittelen «Skuter, skrog og liv ombord».

 

Kjøkenet har kaffe og ymse attåt – også til den som deltek i Blåfjelløpet denne dagen!


Skipper og søndagskåsør Odd Ragnar Bekken ombord på si kjære «Skjellfjord». Foto Randi Bøe
Skipper og søndagskåsør Odd Ragnar Bekken ombord på si kjære «Skjellfjord». Foto Randi Bøe
Den klassiske båtmotoren Sabb hører med til sjømiljøet i Bøfjorden. Her er Odd Ragnar motorpassar saman med museets «maskinist» Anders Vaagland.. Foto Bernt Bøe
Den klassiske båtmotoren Sabb hører med til sjømiljøet i Bøfjorden. Her er Odd Ragnar motorpassar saman med museets «maskinist» Anders Vaagland.. Foto Bernt Bøe
Med hekkskøyta «Brødrene» deltok far Hermann Bekken både i landnotfiske etter sild og i reketråling ute i fjordane. Arkiv Bøfjorden Historielag
Med hekkskøyta «Brødrene» deltok far Hermann Bekken både i landnotfiske etter sild og i reketråling ute i fjordane. Arkiv Bøfjorden Historielag
Morfaren Ola Bøklepp (nedst til høgre) bygde mange klinkabåtar. Her siste sjøsetting frå Skoglundnaustet - i 1970. Arkiv Bøfjorden Historielag
Morfaren Ola Bøklepp (nedst til høgre) bygde mange klinkabåtar. Her siste sjøsetting frå Skoglundnaustet - i 1970. Arkiv Bøfjorden Historielag
Ny plank og rikeleg med høvelspon vitnar om mykje vedlikehaldsarbeid på «Skjellfjord» og om godt handverk av eigaren. Foto Odd Ragnar Bekken
Ny plank og rikeleg med høvelspon vitnar om mykje vedlikehaldsarbeid på «Skjellfjord» og om godt handverk av eigaren. Foto Odd Ragnar Bekken
Kva er faguttrykket for å «drive» dekksplank? Dette og mykje anna hører du i programmet. Foto Odd Ragnar Bekken
Kva er faguttrykket for å «drive» dekksplank? Dette og mykje anna hører du i programmet. Foto Odd Ragnar Bekken

 
 
 

Kommentarer


bottom of page