top of page

Sjøbruksmuseet opna: Sommaren i gang

  • for 2 minutter siden
  • 2 min lesing
Mayse og Randi viser nye eignating. Pianoet er eit fransk klenodium frå 1861. Foto Bernt Bøe
Mayse og Randi viser nye eignating. Pianoet er eit fransk klenodium frå 1861. Foto Bernt Bøe

Sommar og museum seglar side om side i Bøfjorden. Søndag kasta historielaget loss for sesongen 2026.

 

Mykje nytt var å merke blant all historia i lokalet. Nye vindu på vestveggen er på plass. Fleire eignating, delvis av svært gammal årgang, har kome til.

 

Meierispannet frå Meisingset fortel si historie. Kaffekanna etter Guro Grøtan (Norges eldste kvinne i si tid) likeså. Kulestøypar-tonga frå Kristengarden kjem vel til nytte i den komande 250-årsmarkeringa om Skyttar-Tølløv som skaut Mannbjønnen?

 

Kiste 1759, galeasmodell og piano anno 1861

Frå Tone Solem og Terje Hellesvik har museet fått ei flott kiste med fortid på nabogarden Skrøvset (1759). Modellen av galeas «Loyal», bygd av Gunnar Strand og gjeven til museet av Sigrun og Yngve Øye, er blikkfang framme på styrbord side i salen.

 

Og eit unikt Pleyel-piano frå Paris (anno 1861) kastar musikalsk glans over museumssamlinga i lille Bøfjorden. Håpet er å få det stemt til opningskonserten i Stangvikfestivalen i august.

 

Kyrkjeglimt på lerretet

Søndagens tema tok for seg 150 år gamle Åsskard kyrkje og var ifølgje kåsør Bernt Bøe «kladden» til biletkåseriet under Jonsvaka på St. Hanskvelden.

 

Dei frammøtte kunne som vanleg nyte godsaker frå kjøkenet. Mange fornya medlemskap i laget, og dei fleste støtta utlodninga som går fram til siste museumsdag 13. september.


Gro og Ragnhild Skrøvset donerer reklamesamlinga etter onkel og svoger Johannes. Foto Bernt Bøe
Gro og Ragnhild Skrøvset donerer reklamesamlinga etter onkel og svoger Johannes. Foto Bernt Bøe

 

Modellen av galeas «Loyal» prydar eine kråa på museet. Foto Bernt Bøe
Modellen av galeas «Loyal» prydar eine kråa på museet. Foto Bernt Bøe

Frå biletkåseriet: Hobbykveld for små og store i Åsskard-kyrkja. Foto Bernt Bøe
Frå biletkåseriet: Hobbykveld for små og store i Åsskard-kyrkja. Foto Bernt Bøe

Frå biletkåseriet: Jonsvaka-konsert på kyrkjetrappa. Foto Mali Settem
Frå biletkåseriet: Jonsvaka-konsert på kyrkjetrappa. Foto Mali Settem

Alltid mykje kaffegodt på museumsdagane! Foto Randi Bøe
Alltid mykje kaffegodt på museumsdagane! Foto Randi Bøe

.... Bernt G. Bøe for Bøfjorden Historielag ...

 
 
 

Kommentarer


bottom of page