top of page

Open korkveld: Aftansong i Åsskard

for 11 minutter siden
2 min lesing

I hundre år har BBC sendt «Evensong» kvar veke. I femti har Åsskard invitert til halvårlege salmekveldar.


Ved «fjøstid» (klokka 18) onsdag 14. oktober har koret Prosjekt 17 open øvingskveld, tilnærma «Evensong», i Åsskard-kyrkja. Saman med forsamling og instrument slår koret opp salme- og songbøker med vakre godbitar frå ein stor kulturskatt.


Attåt tekst og tone byr koret på spennande historier om mange av songane. Kjenner du eventyret bak «Alltid freidig»? Kva salme er fast innslag på Wembley-finalen?


Revidert Landstad og Feltsongbok

At «Landstads Reviderte» er hundre år, blir markert. Men enno artigare er oppdaginga av ei «Feltsalmebok» frå Toresetra: Dei 34 salmane mellom knøttsmå permar var del av utrustninga for soldatar. Boka tilhøyrde Ola O. Holten, svigerfar til May-Elisabeth i koret. Inni den står også gripande historier om krigsscener – med salmesong!


Allsong og klassisk

Allsong pregar kvelden. Her blir forsamlinga på enkel måte del av eit felles kor. Fløytist Tove Elin Strand, fiolinist Synnøve Hammervold og Bernt Bøe (piano) gir tonefølgje.


Instrument og kor framfører også kyrkjemusikk av Bach og Mendelssohn. I bibelske toneglimt formidlar dei glimt av Elia, Paulus, Jomfru Maria og litt advent.


Høgtidspreg av «Evensong» går hand i hand med lett, folkeleg atmosfære i eit kjent og kjært songprogram denne tidlegkvelden.


Inngang er gratis – med høve til kollekt. Kaffestund i Kyrkjestua hører med.


... Innsendt av arrangør Åsskard sokneråd...


Klokkar og korist Randi (t.v.) saman med sopran (og songstudent) Liv Marit hentar godbitar frå songbøkene – som «Landstads Reviderte» og soldat Ola Holtens lille feltsalmebok. Foto Bernt Bøe
Klokkar og korist Randi (t.v.) saman med sopran (og songstudent) Liv Marit hentar godbitar frå songbøkene – som «Landstads Reviderte» og soldat Ola Holtens lille feltsalmebok. Foto Bernt Bøe
Prosjekt 17 har open øvingskveld - til fellesskap med songglade som møter opp. Foto Bernt Bøe
Prosjekt 17 har open øvingskveld - til fellesskap med songglade som møter opp. Foto Bernt Bøe
«Salmer og Vers» var del av soldatutrustninga – som i 1905, da eigaren av denne vesle boka, Ola O. Holten, stod æresvakt ved Kong Haakon VII si kroning i Trondheim. Foto Bernt Bøe
«Salmer og Vers» var del av soldatutrustninga – som i 1905, da eigaren av denne vesle boka, Ola O. Holten, stod æresvakt ved Kong Haakon VII si kroning i Trondheim. Foto Bernt Bøe
Synnøve Hammervold vil legge øvingstimen med elev Tarjei til songstunda i Åsskard. Foto Bernt Bøe
Synnøve Hammervold vil legge øvingstimen med elev Tarjei til songstunda i Åsskard. Foto Bernt Bøe
Tove Elin Strand spelar både Bach, Mendelssohn og salmedekorasjonar under Evensongen. Foto Bernt Bøe
Tove Elin Strand spelar både Bach, Mendelssohn og salmedekorasjonar under Evensongen. Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page