top of page

Laurdag i Bøfjordhelga: Folksamt på Bølandet

  • for 13 timer siden
  • 2 min lesing

Sjeldan har fleire befolka Bølandet enn på laurdagen i Bøfjordhelga. Aktørar og publikum fann kvarandre.

 

Ei imponerande samling veterankjørety var første blikkfang. Bobler og dollarglis, Landrovers og tohjulingar (med og utan sidevogn) løfta nostalgien til store høgder. Blikkenslager Gjerstads 1937-modell Chevrolet var vel eldst. - Eg kjøpte den frå Amerika i 2004, fortel eigaren - som med sin fagkunnskap har flikka mykje på klenodiet. - Men alt ytre er originalt!

 

Samtidig med opninga på Bølandet var det også livleg på Gammelskulen Loppis - der Elisif Sæthervik har skapt ein fin arena og alltid byr på gode kjøp.

 

Riding, kunst og fiskesuppe

På Børeiten fekk ungane ri hest - med trygg assistanse av Marita Petersen. 

 

Kunstnaren Inga Dalsegg hadde stor og variert kunstutstilling på Kveldheim. - Fint lokale, trivelege folk og riktig bra salg, sa ho - som også var her på fjorårets Bøfjordhelg. 

 

Arrangør Bøfjorden Historielag fekk mykje ros for fiskesuppa som var i salg på Kveldheim. - Den gjekk unna på høgkant, kunne kokke og kasserar May Iren Dønheim Hovde bekrefte.

 

Fjurubingo, men tørrlagt «Elias»

Populært blant dei yngste var fjurubingo - med spennande liv og mangt å lære i strandkanten.

Eit skår i gleda var det derimot at båten «Elias» ikkje kunne sjøsettast på grunn av skade. Lars Midtsand frå Redningsselskapet hjelpte likevel mange ombord i båten og gav nyttige råd om sjøvett og bruk av redningsutstyr.

 

Kunst, kvartill og kaffe ved Saga

Attmed Saga stilte Eli Orset ut av sin biletkunst. Ho har også laga helga sitt utlodningsverk - «Urørt». 

 

Fjærli Tønnefabrikk, einaste aktive bøkkerverksted i vid omkrets, hadde eigen stand. - Vi sender tønneprodukt rundt heile landet, sa Tor Fjærli. - Kjekt å få vise oss fram, og bra salg her, la han til.

 

Bra salg hadde også Saga Kafe. Det vil seie Aud Jorunn Endesen, Torbjørg Settem og Inger Lise Heggem frå Bygdekvinnelaget, som på typisk dugnadsvis støtta historielaget med salg av kaffe og godsaker.

 

Laurdagen munna ut i pubkveld på Buakaia.

 

... Bernt B. Bøe ...


Imponerande mønstring av veterankjørety attmed nyfjøset i Søgarden. Foto Bernt Bøe
Imponerande mønstring av veterankjørety attmed nyfjøset i Søgarden. Foto Bernt Bøe
Denne Chevrolet 1937 tilhører blikkenslager Gjeldnes. Foto Bernt Bøe
Denne Chevrolet 1937 tilhører blikkenslager Gjeldnes. Foto Bernt Bøe
Augusta kosar seg på ryggen til Kiros. Foto Erk Rosenius
Augusta kosar seg på ryggen til Kiros. Foto Erk Rosenius
Kunstnar Inga Dalsegg var godt fornøgd med opplegg og salg på Kveldheim. Foto Bernt Bøe
Kunstnar Inga Dalsegg var godt fornøgd med opplegg og salg på Kveldheim. Foto Bernt Bøe
«Elias» var skadd og måtte stå på land. Men «kaptein» Lars Midtsand sørga for at dei yngste fekk mønstre på likevel. Foto Bernt Bøe
«Elias» var skadd og måtte stå på land. Men «kaptein» Lars Midtsand sørga for at dei yngste fekk mønstre på likevel. Foto Bernt Bøe
«Fjurrubingo» var nytt og artig, tykte Lennox og Felix. Gunnhild Vetleseter Bøe var instruktør. Foto Bernt Bøe
«Fjurrubingo» var nytt og artig, tykte Lennox og Felix. Gunnhild Vetleseter Bøe var instruktør. Foto Bernt Bøe
God reklame og bra salg på en triveleg dag, sa områdets einaste tønnemakar, Tor Fjærli. Foto Bernt Bøe
God reklame og bra salg på en triveleg dag, sa områdets einaste tønnemakar, Tor Fjærli. Foto Bernt Bøe
Med tilpassa firmanamn Saga Kafe serverte Inger Lise og Aud Jorunn kaffe, bakels og mykje anna godt. Foto Bernt Bøe
Med tilpassa firmanamn Saga Kafe serverte Inger Lise og Aud Jorunn kaffe, bakels og mykje anna godt. Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page