Jonsvaka 2026: Godt besøkt kyrkjekveld
- for 13 timer siden
- 2 min lesing

Bjørnson-sitatet «Kirken står i bondens tanke på et høyt sted» var motto for Jonsvaka i Åsskard tysdag kveld. Programmet utdjupa diktarens ord.
Kvelden var ei av markeringane i jubileumsåret for Åsskard kyrkje. I eit innleiande biletkåseri viste soknerådets sekretær Bernt Bøe at born og vaksne opp gjennom tida har verdsett og aktivt bruka kyrkja si på mange måtar.
Jørn helsa klokkeklangen
Eit par sketsjar henta motiv frå første tida. Syver Vetlester Melling framstilte kyrkja sin «hovudsponsor» Jørn (Jørgen Christian Olsen Dreyer) Aasgaard, som saman med kona Ingeborg gav både altarsølvet og kyrkjeklokkene. Syver gjorde slik det er fortalt om Jørn: Han tok av seg hatten og bøygde seg mot kyrkja når han høyrde klokkeklangen. Jørn hadde eigen plass i koret – «Jørnstolen».
«Mødres Kirkegang»
Elise Hyldbakk og tidlegare Halsa-prest Erik Blomstrøm gav ei autentisk, vakker og levande skildring av skikken med «Mødres Kirkegang». Ved første søndagsmessa i Åsskard hausten 1876 var nemleg Ane Isaksdotter Aasgaard (Dreyerstua) «inngangskone» same dag som dottera Marit vart døypt. Foto av Marit vart vist på skjermen - der også portrett av hennar oldebarn Stig Sæter dukka opp. Dette utløyste applaus: Den same Stig, dagens leiar av Surnadal kyrkjelege fellesråd, sat nemleg i salen!
Gjensyn
150 års historikk om kyrkjebygg og kyrkjeliv rulla over skjermen. Her var gjensyn med Gammelklokkar Kristian Aasgaard, med organist og idealist Leiv Bæverfjord (som spela gratis i mange år) og med Magnus Sæthervik - som bygde Kyrkjestua. Både musikklivet og dugnadsånda i soknet kom klårt fram i kåseriet.
Ung aktivitet
Barnas kyrkjekveldar og hobbyverksted ved jul og påske viste ivrige barn. Verdien av at konfirmantane får utfalde seg i sin eigen kyrkjelyd, kom og tydeleg fram. Som eksempel skaffa dei i fjor bortimot 47.000 kroner til Kirkens Nødhjelp i fasteaksjonen! Biletserien viste i det heile at sjøl eit lite sokn som Åsskard kan ha eit aktivt kyrkjeliv.
Konsert med klassisk og lokalt
Etter ein triveleg kaffepause baud koret Prosjekt 17, solist Turid Røen Kroknes og kveldens kammerorkester på konsert. Her var musikk av Bach, Mendelssohn, Grieg («Landkjenning»), Warlock og Handel sett side om side med ei nykomponert «Folketonemesse frå Åsskard».
Urframføring
I messa gav salmetonar etter Kristian Aasgaard og ein slått frå Svorka (i form etter Lars J. Gravvold) tonefølgje til nylaga liturgiske melodiar - Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus, Agnus Dei og Amen. Mange sa etterpå at dei lika denne musikken – som er tileigna kyrkjejubileet og her vart urframført.
Sia starten på 1980-talet har Jonsvaka bidratt til Bjørnsons ord – å sette kyrkja høgt i folks tanke. Årets var den 43. sia starten.
… Innsendt asv Åsskard sokneråd …






Kommentarer