Høgtid i det fri
- for 2 timer siden
- 2 min lesing

Kvar gudsteneste står støtt og treng ingen ytre motivasjon. Men i eit jubileumsår kan særlege moment bety noko ekstra.
Besøk av biskop Ingeborg Midttømme kasta glans over utegudstenesta i Åsskard søndag. Og minst like flott var det at tre småborn kom til dåp på Grendaplassen.
Kyrkjebåt
Som alle veit, er kyrkja i Åsskard no 150 år. Men her på Nordmøre har folk i uminnelege tider rodd fjordane til og frå messer. Difor gav kyrkjebåten «Hjelmkonnå»ute på vågen eit fint historisk glimt denne søndagen.
Dåp og evangelium
Prost Vidar Rygh leia første del av gudstenesta og fekk æra og gleda av å døype Ada, Ingvar og Sondre. Biskop Ingeborg Midttømme skapte fin kontakt med dei mange små og store frammøtte da ho preika over Matteus-teksten der Jesus seier han vil gje kvile til alle som ber tunge åk.
Ved å bruke vår nemning «børtre» om «åket» og knyte bibelordet til vår kvardag, gjorde ho preika nær og forståeleg for alle. Biskopen leia også nattverden, der mange deltok.
Vellykka samling
Ved friluftsgudstenester er alltid veret eit spenningsmoment. Trass i nokre få regndropar var det fint å oppleva song og tale, dåp og nattverd på Grendaplassen denne sommardsøndagen.
Ei gudsteneste som føyer seg inn i rekka av vellykka samlingar hittil i jubileumsåret for Åsskard som kyrkjesokn.
… Innsendt av Åsskard sokneråd ved Bernt Idar Gudrunson Bøe ...







Kommentarer