top of page

Festivalveka: Verdig kulturfinale

  • for 1 minutt siden
  • 3 min lesing

Lanseringa av Rannveig Eikrem si bok «Folkemusikk frå Nordmøre» (Halse-samlinga) avslutta Stangvikfestivalen i stort kulturperspektiv. Og som på tysdagens opningskonsert var det søndag fullsett ved borda på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Her har Eikrem ordna komposisjonar, korarrangement og først og fremst ein skatt av folketonar - samla av læraren og musikaren Kristian Halse (1858-1939).

Slik ho presenterte boka, er den langt meir enn ei notesamling: Den gir brilliant innføring i ein musikkstil som går langt ut over dur og moll, taktfaste rytmer og interessante tekster. Eikrem gir glimt av unik kulturforståing og åndsliv hos dei vi er etterkomarar av. Når så den eminente folketonesongaren Runa Kvalsund framførte melodiar frå samlinga, vart inntrykket klårt av kva edel kunst dette handlar om.

Frå kaos til kunst

Samtidig er folketoneskatten resultat av ein kulturkamp som i dag kan virke pussig. Folk song ikkje slik salmane stod på notar, men dekorerte dei med personlege krullingar – som i rosemåling, treskurd og broderi. Vakkert kvar for seg, men kaotisk i store forsamlingar.

- Somtid konkurrerte og kappsong dei, smilte Rannveig, - og nokre var ferdige før dei andre. Ikkje alltid lett for klokkaren, «Kirkesangeren», som skulle halde orden!

Klokkaren frå Kråkå

Ein lokal klokkarfamilie vart fletta inn i denne historikken da John Angus Aresvik og søstera Berit overrekte museet eit skrin frå 1860 etter oldefaren Jens Kalseth. Han var sønn av «Lærer og Kirkesanger» Lars Stenersen, som hadde plassen Kråkå ved Kalset. Og nettopp Lars Stenersen stod i denne kampen - kritisert av somme Halsa-byggjer for måten han song salmane på.

På museet dukka eit aktuelt spørsmål opp: Song Lars Klokkar for korrekt og «noterett», så det forarga dei som laga folketone-krullingar i Halsa-kyrkja? Svaret er uvisst.

Runa formidla med sjel

Men ei velsigning er det at utbroderte og forsira melodiar levde rundt i heimane - heilt til samlarar som Kristian Halse, Edvard Bræin og andre rakk å notere dei ned og såleis berga ein umisteleg kulturskatt.

Rannveig Eikrem sa at Halse noterte tonar og forsiringar svært nøye etter kjeldene sine. Likevel er og blir notebiletet ei skisse. Ut frå det noterte skapte songaren Runa Kvalsund klingande liv av materialet. Med lekre detaljar og innleving leverte ho sjelfull formidling. Ved eit par høve song også ho og forfattar Eikrem i lag - med vakker og særprega samklang.

– Fått ny kunnskap!

Sjølve boka «Folketonar frå Nordmøre» vart forseinka i trykkinga, men blir å få kjøpt om eit par veker. Mange gler seg til det etter denne flotte presentasjonen.

Som Kolbjørn Halse, barnebarn av Kristian, uttrykte etterpå: - Dette var ein stor dag for meg. No har eg fått ny kunnskap om folketonen si historie og betydning! Det same følte nok fleire i salen.

Med dette tidlause konsertforedraget fekk Stangvikfestivalen 2026 ein flott, perspektivrik finale!

.... Bernt G. Bøe ...

Rannveig og Runa song som duett eit av Kristian Halse sine folketonearrangement. Foto Bernt Bøe
Rannveig og Runa song som duett eit av Kristian Halse sine folketonearrangement. Foto Bernt Bøe
Halsesamlinga har lege bortgjømt i mange tiår, til Rannveig Eikrem no har ordna og digitalisert materialet. Foto Bernt Bøe
Halsesamlinga har lege bortgjømt i mange tiår, til Rannveig Eikrem no har ordna og digitalisert materialet. Foto Bernt Bøe
«Folketonar frå Nordmøre» inneheld Kristian Halse sitt musikalske livsverk. Montasje Bernt Bøe
«Folketonar frå Nordmøre» inneheld Kristian Halse sitt musikalske livsverk. Montasje Bernt Bøe
Runa Kvalsund (t.v.) og Rannveig Eikrem saman med to barnebarn av Kristian Halse: Kolbjørn og Kristian (t.h.) Foto Bernt Bøe
Runa Kvalsund (t.v.) og Rannveig Eikrem saman med to barnebarn av Kristian Halse: Kolbjørn og Kristian (t.h.) Foto Bernt Bøe
Runa sine tolkingar var historisk overbevisande og dertil gripande og vakre. Stor kunst!  Foto Bernt Bøe
Runa sine tolkingar var historisk overbevisande og dertil gripande og vakre. Stor kunst! Foto Bernt Bøe
Johanna Halse, kona til folketonesamlaren, var vide kjend for sin vevkunst – endatil med gåve til kronprinsparet Olav og Märtha i 1929! Her står Kristian d.y. og Kolbjørn framfor to av hennar verk – som museet i Bøfjorden har fått frå familien. Foto Bernt Bøe

Museet får stadig kulturhistoriske gåver. Denne dagen kom John Angus Aresvik med dette staselege skrinet etter oldefar Jens Kalseth (1813-1885), som var sønn av den omtala «Lærer og Kirkesanger» Lars Stenersen frå plassen Kråkå ytst i Bøfjorden. Foto Bernt Bøe

Kommentarer

bottom of page