Mangt å hente fram
- for 2 minutter siden
- 3 min lesing

Med si målsetting «å halde historia vår levande» henta Bøfjorden Historielag søndag fram både drama og idyll frå nærmiljøet.
Gruvedrift på Hjelmkona
Ein bolk dokumenterte gruvedrifta på fjellet Hjelmkona for 200 år sia. Restar av gruver, vegar og steinhytter er enno synlege. Rørosingar budde i hyttene og dreiv ut malm (helst krom) om sommaren. Bygdefolk med hest og slede køyrde den ned til Valsøyfjorden på vinterføre. Derifrå vart den skipa vidare. - Ved stranda har ein kunna sjå gulbrunfarga restar heilt til no, kommenterte ein valsøyfjording i salen.
Ein rapport frå Norges Geologiske Undersøkelser (1941, på svensk) seier « förekomsten var liten, obetydlig og ulandligt belagen». Så det vart tidleg slutt.
Eventyrbygda
Liggande i vakker natur mellom Tussan i nord og Trollbakken i sør, kan Bøfjorden med ein viss rett kallast ei eventyrbygd. Det beviste også folkeminnesamlaren Edvard Langset da han rundt 1920 besøkte bøfjordingane og skreiv ned segner og eventyr om tussar og troll etter dei.
Historielagets samling «På eventyrvis» inneheld slikt stoff - frå heile Nordmøre. I Bøfjorden henta Langset forteljingar hos Ola Settem, Einar Heggem, Johannes Bævre, Maret Sollid og Arnøra-folket Sivert og Ingeborg Sættem.
Dei to på Arnøra serverte utrulege anekdoter om den påståtte svartebok-trollmannen Erik (Erk) Heggem. Han sette fast tjuvar og snudde vinden som han ville, sa dei. Og Ingeborg påstod at dei ikkje torde å ta vare på pengeskrinet etter Erk da han døde, så dei søkkte det ned i fjorden!
Randi Bøe framførte eit unikt bøfjordsk eventyr - «Guten i gadden». Det er nedskrive etter Maret O. Sollid i Dalabakken i 1920 og finst ikkje andre stader i landet!
Slofartskuter
Litt skipshistorie laut også fram. Flotte segskuter for fisketransport (slofart) til kleppfiskberga vart bygde i fjøresteinane over alt. To slike som enno er under segl - om enn i anna drift – fossa fram på lerretet: «Svanhild» (Nordvik 1889) og «Dyrafjeld» (Nes 1889) – begge bygde i daverande Stangvik same året!
Læreguten vart meister
Anders A. Kvande (Øvergeilen) var som læregut med og bygde «Dyrafjeld». Den lærdomen sette han seinare ut i livet. Han var nemleg byggmeister for dei havgåande fiskedampane «Bøfjord» (på Bølandet, 1914), «Skrøyfa» (Skrøvsetskjeret, 1915), «Hjelmen I» (1917) og ishavsskuta «Blankisen» (1919) – dei to siste bygde i Snekkvikfjøra. Museet har arbeidsreiskapen etter Anders.
Premiert av Hindenburg
«Bøfjord», «Skrøyfa» og «Hjelmen» fungerte som rederi med moderne snurpenot – heime og på Island rundt 1920. Frå mottaksanlegget på Skrøvset gjekk «Bøfjord» med eksportlastar til utlandet. På ein slik tur i 1924 berga båten eit tysk mannskap etter forlis i Østersjøen. Sjølvaste rikspresident Hindenburg premierte bøfjordingane med ein flott, signert kikkert for denne dåden.
Dampskipsforlis, bomberestar frå krigen, mystiske skjelettfunn, glimt frå ein husmannsplass med frodig historie og anna kulturstoff vart henta fram på lerretet.
Noko av det fine med kulturtema over kaffekoppen er at kvar og ein har bidrag å koma med – både i plenum og i samtale rundt bordet. Petra Rimstad hadde barndomsminne frå Grava og Trodalen - med levande inntrykk av dei som budde der. Modellskutene etter broren Gunnar Strand på museet gjorde også inntrykk.
Kanskje kan kunnskap om det som var, auke forståinga for samfunn og kvardagsliv også i 2026?
... Innsendt av Bernt Bøe for Bøfjorden Historielag ...









Kommentarer