Bøfjorden onsdag: RS-treff ved Elvanesset
- for 2 minutter siden
- 1 min lesing

Redningsskøyta «Horn Resque» gjestar Bøfjorden onsdag. Publikum er velkomne om bord.- Einaste forbehold er muleg utrykning, seier Lars Midtsand, kontaktmann for Redningsselskapet. – Skøyta blir liggande i småbåthamna eller ved kaia attmed Elvanesset i middagstimane - open for besøk.
Lang tradisjon
I sjøbygda Bøfjorden har redningssaka naturleg nok lange tradisjonar. «Bøfjordens Redningsforening» vart stifta i 1930 og ei liknande på Bølandet kom til i 1949. Gjennom åra har kvinner og menn såleis skaffa betydelege midlar til redningsskøytene.Beredskap og tilbodAttåt permanent beredskap driv Redningsselskapet mykje informasjon og haldningsarbeid. Av tilbod til dei yngste kan vi nemne Eliasklubben og Elias-båtane, RS Ung, Trygg i vann, Barn i båt, sommarskule, leirtilbod og sjømannskap på alle plan.
Trygghet når det trengst
Innblikk i dette får ein ved å besøke «Horn Resque» i Bøfjorden onsdag. Frå klokka 14.30 kan interesserte koma om bord, sjå og høre om det moderne redningsfartyet og sjøtrygghet generelt.
Hittil i år har «Horn Resque» assistert fem farty og ni personar i krevande situasjonar. Om desse tala ikkje synest store, kan alternativet vera av største alvor!
… Bernt G. Bøe …



Kommentarer