90 år med Jul på Nordmøre

Årets utgåve av tradisjonsrike Jul på Nordmøre er no i sal. Heftet fyller 90 år i 2026 – den første utgåva kom ut i 1936.
- Vi meiner at Jul på Nordmøre er ein kulturinstitusjon på Nordmøre. Heftet er framleis svært etterspurt, og sel i eit opplag som viser at det skrivne ordet på papir framleis er liv laga, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.
2026-utgåva er ein gjenkjenneleg versjon av juleheftet.
- Vi legg noko meir vekt på bilete av høg kvalitet enn før. Elles vil lesarane finne bidrag frå både gamle og nye skribentar, sier Ansnes. Med seg i skriftstyret har han Karin Ormbostad, Kristiansund, og Gjøran Storsæther, Frei.
Utgjevar er Nordmøre og Romsdal ungdomslag. Mediahuset på Sunndalsøra har som vanleg stått for den grafiske produksjonen. Framsida er også i år teikna av Bergljot Hals.



Kommentarer