Jul i Lerkebakken

Tanja inviterer til koseleg, god gammaldags julestemning i Lerkebakken 5. desember frå kl. 12.00 til 17.00.
No går tida fort fram mot jul, og i år som ifjor, blir det «Jul i Lerkebakken».🎄❤️
Tanja opnar «Lerkebua» med bl.a. mykje ny keramikk og nye julehus.😍
Måleri, julekort, julekuler og julekoppar etc blir og å finne.🤶🎅🎄
Her er det noko for ein kvar smak.❤️
«Søstrene Vetleseter Brød» forvandlar «Galleriet» om til det koselegaste bakeriet.👩🍳👩🏻🍳🥨🍩🍪 Der finn du rykande fersk bakst og andre herlegheter!🥨
Det blir også rykande ferske smultringar å få kjøpt av drevne smultringkokarar.🍩
På Lerkebakken Klippekafé finn de ein opplagt herremann, kaffevert Tor Rune Halset, som serverer kaffe, kaker og sveler.☕️🍰✨🕺
«Nessapuben» er i år oppgradert med vedovn, så vil du ta med deg kaffen dit eller få litt varme og god, gammeldags julestemning, kan det kanskje være plassen.🔥🎄🔥
Velkomen til ein triveleg dag, med god gamaldags julestemning!❤️



Kommentarer