top of page

Rindalen og Hjemmelaget: Ski, bok og taffelmusikk

  • for 7 minutter siden
  • 2 min lesing

Rindal Skimuseum presenterer ny bok. Lokale skiheltar inntek lerretet. Hjemmelaget spelar taffeltonar.

 

Altså: Alle med sans for spenstig lokal litteratur, fordums skibragder og god underhaldningsmusikk attåt ettermiddagskaffen, har ein bra søndag i vente på Bøfjorden Sjøbruksmuseum!

 

Allsidige Ingebrigt

Skibygda Rindal har rike kulturskattar å ause av. Museumsleiar Bodil Børset har alliert seg med Turid Røen Kroknes og Ingebrigt Røen når bragder og profilar står på plakaten.

 

Sentralt står boka «Ingebrigt Røen: Dikt, prologer og stubber». Denne Ingebrigt (1879-1962), bestefar til Turid og Ingebrigt jr, var ein allsidig person – og  slett ikkje berre far til skiløparar i verdensklassen! I forordet til boka skriv Bodil Børset at han var «bonde, smimaker, dikter, oppleser, redaktør, samfunnsdebattant og kulturpersonlighet».

 

Litt av ein familie

Glimt av alt dette får vi sjå og høre på museet – så vi røpar ikkje for mykje her. Men frå tekstene hans blir det framført både humor, satire og alvor.

 

Ingebrigt og kona Marit hadde sju born: John, Olaf, Gunnar, Sigurd, Signe, Alfred og Borgny. Alfred (far til Turid og Ingebrigt) tok vare på faren sine skrifter og har dermed mykje av æra for innhaldet i boka.

 

Dobbelt VM

Alle ungane var dyktige på mange vis, ikkje minst på ski – som faren laga. Lengst kom John og (særleg) Sigurd. Dei var begge i verdenseliten!

 

Sigurd Røen vann dobbelt VM (i stafett og kombinert) i Chamonix 1937. I søndagens program blir det spela opptak der Sigrud fortel frå si eventyrlege karriere. I ein biletsekvens presenterer historielaget også andre skiprofilar frå Rindalen – Edvin Landsem, Mikal Kirkholt og fleire.

 

Tango og meir til

Før og etter Rindals-programmet byr gruppa «Hjemmelaget», leia av trekkspelaren Peder Hønsvik, på godbitar frå sitt store repertoar av slagerar, evergreens og ikkje minst sin spesialitet – tango.

 

Mykje å høre og sjå over kaffekoppen altså - men mest om kuturprofilen Ingebrigt Røen.

 

... Bøfjorden Historielag ... (v Bernt Bøe)


Bodil Børset presenterer boka om og av Ingebrigt Røen. Foto Rindal Skimuseum
Bodil Børset presenterer boka om og av Ingebrigt Røen. Foto Rindal Skimuseum
Skribent og altmulegmann: Ingebrigt Røen (1879-1962). Privat foto
Skribent og altmulegmann: Ingebrigt Røen (1879-1962). Privat foto

Barnebarnet Ingebrigt Røen jr deltek i programmet om bestefaren. Privat foto
Barnebarnet Ingebrigt Røen jr deltek i programmet om bestefaren. Privat foto
Turid Røen Kroknes – barnebarn og kjend songkunstnar. Privat foto
Turid Røen Kroknes – barnebarn og kjend songkunstnar. Privat foto
Gåte: Lenge før krigen vart Hitlers Ærespris tildelt ein rindaling. Kven? Foto Bernt Bøe
Gåte: Lenge før krigen vart Hitlers Ærespris tildelt ein rindaling. Kven? Foto Bernt Bøe
Populære gjestar på museet: «Hjemmelaget» - her  på hobbydagen i fjor. Foto Bernt Bøe
Populære gjestar på museet: «Hjemmelaget» - her på hobbydagen i fjor. Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page