top of page

Om Bøfjorden

16. mars
1 min lesing

Oppdatert: 21. juni



Bøfjorden er ei flott bygd midt på Nordmøre,i Surnadal kommune. Busetnaden ligg fint og idylisk til rundt fjorden, litt oppe i ein dal og ei fjellgrend eit lite stykke frå fjorden.


I Bøfjorden er det fantastisk natur med kjempefine turmulegheiter, både på fjellet, i skogen, og ved og på fjorden, sommer som vinter. Vi er ca 300 fastbuande. I tillegg er det ca 120 hytter og fritidshus, noko som gjer at folketalet stig betydeleg på helg og i feriane.


Det er campingplass og restaurant (Stønt) på Elvanesset på Settemsøran.

​

Dette kan du oppleve i Bøfjorden:


• Naturopplevingar/turar. På fjellet, i skogen, og ved og på fjorden. Oppmerka turar.

​

• Sjøbruksmuseum. Museumet er ope kvar søndag om sommaren. Da er det kaffe og matservering i tillegg til dagens tema.

​

• Butikk. Coop Marked Bøfjord er ein daglegvarebutikk (open 24/7), med utvida varespekter. Bensin- og (avgiftsfri) diesel, fylling også frå sjøen for den som kjem sjøvegen.

​

• Serveringsstader. Stønt Restaurant finn du på Elvanesset og dei held opent gjennom året med utvida opningstid på sommaren. Her får ein kjøpt middag av ymse slag som kan nytast i den koselege restauranten eller ute på verandaen med utsikt utover heile fjorden. Stønt Restaurant sel også vanlege kioskvarer og har skjenkeløyve.

​

  • Småbåthavn. Gjestehavn sentralt i bygda på Elvanesset, med bl.a. fint saniteranlegg.


  • Fotballbane. Leikarvollen Stadion ligg ved Bøfjorden grendahus.

  • Lysløype. Ligg i Settemsdalssletta. "Barn i løypa" gjennom vinteren.

  • Nærmiljøanlegg. Ved Oppvekstsenteret. Her kan du blant anna bruke ballbingen.

  • Loppemarknad/Gjenbruk. Gammelskulen Skrot & Gjenbruk held loppemarknad og julemarknad. Ved Gammelskulen på Settemsøran.

  • Eit rikhaldig kulturliv. Konsertar, revy, song.

​


 
 
 

Kommentarer


bottom of page