top of page

Hobbydag: Arena for mangfald

for 16 minutter siden
2 min lesing

Folk set pris på møteplassar. Det prega aktivitetsdagen på museet i Bøfjorden.


Kaffepraten rundt borda er alltid ein sosial vinnar. Denne søndagen var dertil salen fylt av hobbyprodukt - treskjering, biletkunst, porselensmåling og strikkavarer.Utstillarane fekk både vist fram og selt flotte ting dei skaper. Imponerte kundar handla julegåver.


Alpetonar og gratulasjon


Også musikk og forfattarskap kan utfalde seg i dette miljøet. Messingkvartetten «Bohland & Fuchs» frå Sunndal og Surnadal  er oppkalla etter to gamle instrumentfabrikkar. Leiar Bjørn Stomsvik fortalte om kvart av dei historiske instrumenta – ikkje minst om tubaen frå 1920-talet, som har opplevd litt av kvart!

 

I ei konsertavdeling spela dei tonar frå Alpetraktene og nærare himmelstrøk. Og sia kunstmålar Sigrun Hesjehagen fylte år akkurat denne dagen, vart ho oppvarta med fulltonande gratulasjon!


Forfattar med slektsbok


Så dukka «kunnskapsgartnar» Karl Otto Kalseth opp med sitt nyaste bokverk - om slekta si frå Kalset og Sjølgjetla ytst i Bøfjorden! Bibliotekaren med leiarerfaring frå industri og institusjonar på øvste nasjonale plan, fødd i Kristiansund og med bøfjordsk blod i årene, har henta fram mykje vi ikkje visste. Litt av ei gåve til historielaget!


Tantetreff


Apropos møteplass: Ein museumsdag blir særleg artig når slektningar ser kvarandre for første gong nettopp her. Det har skjedd fleire gonger; denne dagen med tre frå Lillegård-slekta: - Du er så lik mor di! sa tante Ingrid Bævre til trompetist Tone i messingkvartetten. Og kusinene Inger Garthe og Tone Hustad møttest visst for første gong!


Litt av ein biltur


Museet er som puben. Ved borda går praten om siste nytt og om alt anna: Livet på frakteskutene. Flotte fjellturar.  Skrinet frå 1860 - og andre gåver til museet.

 

Marta Havdal repeterte sommarens store biltur, da ho køyrde (åleine) tur-retur frå Meisingset til Finnmarka. Men ikkje utan skipppel: Motorhavari i Narvik tok så lang tid på verkstad at det vart flytur heim til Nordmøre. Da bilen omsider var reparert, tok Marta buss-tog-buss nordover att. – Nydeleg biltur frå Narvik til grensa lengst i nord! Lite trafikk, så eg kosa med heile vegen oppover – før eg så rulla heim att til Meisingset, sa 86-åringen - til fortent applaus frå salen!

 

Sosialt blir det også neste søndag: Da er det sesongslutt på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Og som alltid: Med sildballmiddag!

*

… Bernt Bøe / Bøfjorden Historielag …


Messingkvartetten spela gratulasjon til biletkunstnar Sigrun Hesjehagen, som fylte år. Frå venstre Eli Berg, Tone Hustad, Bjørn Stomsvik, jubilant Sigrun og Sigfred Gravvold. Foto Bernt Bøe
Messingkvartetten spela gratulasjon til biletkunstnar Sigrun Hesjehagen, som fylte år. Frå venstre Eli Berg, Tone Hustad, Bjørn Stomsvik, jubilant Sigrun og Sigfred Gravvold. Foto Bernt Bøe

 

Kirsten Baadnæs Bøe og Gunnvor Edel Bøe sørga for varme julegåver. Foto Bernt Bøe
Kirsten Baadnæs Bøe og Gunnvor Edel Bøe sørga for varme julegåver. Foto Bernt Bøe
I sin personlege akantus-stil lagar Ivar Barlaup flott treskjerarkunst. Han viste også nokre av sønnen Bjørnar sine tusjbilete. Foto Bernt Bøe
I sin personlege akantus-stil lagar Ivar Barlaup flott treskjerarkunst. Han viste også nokre av sønnen Bjørnar sine tusjbilete. Foto Bernt Bøe
Mykje tid og flid ligg i Ivar sitt relieffkart over Stangvik sokn – utskore i eitt stykke bjørk. Til høgre hans veldekorerte «mangel-tre». Foto Bernt Bøe
Mykje tid og flid ligg i Ivar sitt relieffkart over Stangvik sokn – utskore i eitt stykke bjørk. Til høgre hans veldekorerte «mangel-tre». Foto Bernt Bøe
Den hundre år gamle tubaen fortel historie: Laga i Tsjekkoslovakia, kom til Norge med tyskarane i 1940, gjenombora av to kulehol, men kling godt! Foto Bernt Bøe
Den hundre år gamle tubaen fortel historie: Laga i Tsjekkoslovakia, kom til Norge med tyskarane i 1940, gjenombora av to kulehol, men kling godt! Foto Bernt Bøe
«Kunnskapsgartnar» og forfattar Karl Otto Kalseth formidlar både mytologi og levande familiehistorie i si ferske bok frå Kalset og Sjølgjetla. Foto Bernt Bøe
«Kunnskapsgartnar» og forfattar Karl Otto Kalseth formidlar både mytologi og levande familiehistorie i si ferske bok frå Kalset og Sjølgjetla. Foto Bernt Bøe
Spontant møte: Tante Ingrid Lillegård Bævre flankert av niesene Inger Garthe (t.v.) og Tone Hustad. Foto Bernt Bøe
Spontant møte: Tante Ingrid Lillegård Bævre flankert av niesene Inger Garthe (t.v.) og Tone Hustad. Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page