top of page

Historielaget inviterer: Hobbydag i Bøfjorden

  • for 2 minutter siden
  • 1 min lesing

Skaparevnen er stor. Kvaliteten imponerande. Søndag inviterer museet i Bøfjorden hobbyaktørar og publikum til utstilling, kaffekos og gjerne litt handel.

 

- Mykje fint blir laga rundt i heimane. Det pregar vår årlege hobbydag, seier historielaget, som tilbyr aktørane gratis stand på museet.

 

Frå sokkar til musikk

Dagen er open for alle. Tekstilprodukt, biletkunst, porselensmåling, treskjering og masse dekorasjonar blir å finne. Og tyrolerkvartetten «Bohland & Fuchs» (som er meir lokal enn namnet tilseier) vil vise at også musikk er ein fin hobby!

 

Julegåver?

Utstillingane er oppleving i seg sjøl. Ein kan sjå - eller kjøpe - eignating og julegåver. Hobbysamlingar av ymse slag er velkomne. Historielaget legg fram bøker med tusentals av lokale avisutklipp for tilbakeblikk. 

 

Skotthyll – og quiz

Ungane kan boltre seg med spel og forming. Er veret bra, blir det gamle leikar som jeppe, skotthyll og kanskje «hardbust» ute.

 

Temaforedrag hører ikkje med på hobbydagen. Men ein premiequiz på lerretet gir litt haubrott til avveksling.

 

Loddsalg er det også denne museumsdagen. Og i kjøkenkroken kan det dukke opp overraskande produkt.

 

… Bøfjorden Historielag …

ved Bernt G. Bøe


Kirsten Baadnæs Bøe kjem med vottar og andre strikkavarer. Foto Bernt Bøe
Kirsten Baadnæs Bøe kjem med vottar og andre strikkavarer. Foto Bernt Bøe
Sigrun Hesjehagen byr på porselensmåling og annan kunst, som her i 2024. Foto Bernt Bøe
Sigrun Hesjehagen byr på porselensmåling og annan kunst, som her i 2024. Foto Bernt Bøe
Frå Kvanne kjem Ivar Barlaup med treskjering som dette. Foto Geir Forbregd
Frå Kvanne kjem Ivar Barlaup med treskjering som dette. Foto Geir Forbregd
Mykje dekorativt og vakkert blir å finne – som her for to år sia. Foto Bernt Bøe
Mykje dekorativt og vakkert blir å finne – som her for to år sia. Foto Bernt Bøe
Blir det ver til å vippe jeppe, tru? Foto Bernt Bøe
Blir det ver til å vippe jeppe, tru? Foto Bernt Bøe
Og til å kaste skotthyll – på gammelmåten?  Foto Bernt Bøe
Og til å kaste skotthyll – på gammelmåten? Foto Bernt Bøe
Frå over 50 år med avisutklipp blir nokre bøker å finne på borda.  Foto Bernt Bøe
Frå over 50 år med avisutklipp blir nokre bøker å finne på borda. Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page