top of page

Bøkleppen som naturreservat?

  • 30. juni
  • 1 min lesing

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder om oppstart av verneplanprosess for Bøkleppen naturreservat. Det kommer fram i en pressemelding.


Bøkleppen ligg på privat grunn og er tilbydd etter ordninga med frivillig vern av skog.


Føremålet med vernet er å ta vare på biologisk verdfulle skogsmiljø og sikre dei for framtidige generasjonar. I desse områda er det naturverdiar knytt til frisk rik edellauvskog og kalk- og lågurtfuruskog.


I naturreservat er det forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.


Vidare prosess

No i oppstartsfasen er det ønskeleg å få mest mogleg kunnskap og informasjon om bruken av området, samt kulturverdiar og anna som kan vere aktuelt å ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.


Innspel og merknader til denne oppstartsmeldinga kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eventuelt på e-post sfmrpost@statsforvalteren.no Frist er 3. august 2026.


Etter denne fasen vil det bli laga eit verneframlegg med verneforskrift og tilhøyrande vernekart. Dette blir sendt på høyring med ein frist på om lag to månader.



Bøkleppen i Surnadal kommune. Foto: Øivind Leren
Bøkleppen i Surnadal kommune. Foto: Øivind Leren

 
 
 

Kommentarer


bottom of page