top of page

Bøfjorden Sjøbruksmuseum: Sesongstart søndag!

  • 15. juni
  • 2 min lesing

Bøfjorden Historielag lovar ein frodig sesong på museet i sommar. Med start komande

søndag går det slag i slag til «balldagen» 13. september.


- Mange kåsørar har meldt seg med «Dagens Tema» desse sommarsøndagane, seier styret,

som no opnar sin 32. sesong. - Først feirar vi jubileet for Åsskard kyrkje, med innblikk i

dagens mange aktiviteter og tilbakeblikk på hendingar og eit fascinerande persongalleri

gjennom i 150 år.



Skuteliv, språkperler og dramatikk

Søndagane deretter byr i tur og orden på nordmørsk veghistorie, skuteliv og varierte

språkperler - før Bøfjordhelga munnar ut i Mannbjønn-dramaet (250 år) med 100-

årsmarkering av Bjønnastøtta søndag 19. juli. Kåsørar så langt er Terje Holm, Odd Ragnar

Bekken og Bernt Bøe.



Industri, snurpefiske og apotekhistorie

Vidare kan publikum oppleva industrieventyret Aura (med far og sønn Øiestad), snurpefiske

og modellskuter ved Magne Otterlei og Charles Langø, imponerande skikultur (familien

Røen) og fersk bok frå Rindal Skimuseum før lansering av folkemusikksamlinga etter Kristian

Halse ved Rannveig Eikrem - med tonefølgje. Dette i regi av Stangvikfestivalen.

Apotekhistoria frå Surnadal (Kristen Halle), mykje biletstoff frå lagets arkiv, ein livleg

hobbydag for og med skapande aktørar står også på programmet før sesongen 2026 rundast

av med tradisjonell sildballdag 13. september.



Unesco – og kaffekos

Dertil har laget inngått avtale med grunneigar om plassering av sine historiske klinkabåtar

(sjekk Unescos liste over verdensarven!) på Skrøvsetskjeret nedafor museet. Også her er

det samla mykje sjøkultur.

Interessa for gode tema kombinert med den sosiale atmosfæren på Bøfjorden

Sjøbruksmuseum er motivasjon for hyppige besøk i vekene som kjem, trur styret som no

legg fram sommarprogrammet.



… Bernt G. Bøe for Bøfjorden Historielag …

<FOTO Sesongstart A / Styremedlemmer / tekst:>

Inge Dønheim (frå venstre), Gunnhild Vetleseter Bøe, Bernt Bøe og Kristian Settem (pluss fråverande

Tore Sannes og Mayse Dønheim Hovde) lovar fine sommarprogram på museet i Bøfjorden. Foto Mali

Settem

<FOTO Sesongstart B / Skjellfjord / tekst:>

Skipper Odd Ragnar Bekken gir innblikk i skutefart og skipshistorie den 5. juli. Her om bord på sin

hundre år gamle «Skjellfjord». Foto Randi Bøe

<FOTO Sesongstart C / Bjønnastøtta / tekst:>

Bjønnastøtta i Haugaskaret (1926) er minnesmerke om 250 år gamle bjørnedrama – og om Skyttar-

Tølløv, som skaut Mannbjønnen. Bernt Bøe tek historia med til museumsdagen 19. juli. Foto Randi

Bøe

<FOTO Sesongstart D / Klinkabåt blir utstilt / tekst:>

Denne klinkabåten, bygd i Bøfjorden i 1934, er ei gåve frå Frode Bjerkestrand. Her har Inge Dønheim

(fremst), Geir Settemsdal, Arnfinn Nessæther og Kristian Settem fått den på utstillingsplassen nedafor

museet. Foto Bernt Bøe

 
 
 

Kommentarer


bottom of page