Vis hobbyen din!

Søndag inviterer Bøfjorden Historielag til "Hobbydag" på museet. Der kan ein ha stand, vise og lære aktiviteter - og gjerne selje eigne hobbyprodukt.

00 Hobbydag b1
Jon Storløkken kjem med miniatyrjernbanen sin.
00 Hobbydag e
Alle som syslar med tradisjonshandverk er velkomne til å lage stand og gjerne selje produkt.
2017 09 10 Plakat


Samlingar av alle slag er velkomne. Jon Storløkken kjører modelljernbane med minitog. Historielaget stiller ut lokal litteratur og utklippsbøker frå dei siste 40 åra. Tekstilvarer blir å sjå og kjøpe. Ungar får sitt eige hobbybord med Lego og ymse anna.

Aktivitetene kan pågå heile opningstida - fire kreative ettermiddagstimar. Museets nye flatskjerm viser fortløpande biletseriar. Eit par små lynkurs kan det også bli. Og kjøkenet har kaffesalg som vanleg.

Historielaget oppfordrar utstillarar og publikum til å vera med og skape ein triveleg, nyttig - og kanskje lønnsam - søndag.

VI SPONSER BØFJORDNETT