Vil du drifte Bøfjordnett?

Bøfjorden-panorama

Søker ny webansvarleg:

Etter over ti år som webansvarleg for Bøfjordnett føler eg at det er på høg tid at eg gjev meg og lar nokon andre ta over drifta av Bøfjordnett.

Bøfjordnett såg dagens lys i 2011 i forbindelse med eit bygdemobiliseringsprosjekt kor bygda vart tildelt midlar. Sidan da har eg hatt ansvaret for å bygge opp websida og drifte den slik den er i dag. Bøfjordnett er eit viktig medium for Bøfjorden der alt av arrangement og anna stoff relatert til bygda blir publisert. I tillegg til websida er det også ei side på Facebook kor alle artiklar som blir publisert på Bøfjordnett også blir lagt ut. Per i dag er det omlag 500 følgarar av Facebooksida.

Eg har som sagt helde på med dette i over ti år og ønskjer no å gje meg. Eg bur ikkje i bygda lenger, eg har eit hektisk familieliv og eg har ein jobb som krev sitt. Samtidig er det på høg tid at nye tankar og idear kan kome inn og gjere websida så mykje mykje betre enn kva den er i dag.

Derfor håpar eg at du eller de som ønskjer å ta over drifta sender meg en epost; post@bofjorden.net, så tek vi det derifrå. Eg driftar websida ut året, men frå 01.01.2022 må ein ny drivar være på plass.

Eg håpar at nokon ser verdien i å ta over drifta av Bøfjordnett.

Takk for meg,

Helsing, Edvin Sættem Nessæther

VI SPONSER BØFJORDNETT