Vidarefører sponsoravtale med Svorka

I 2017 vart Bøfjorden Grendahus og Svorka einige om ein sponsoravtale som gav fri fiberinternett til grendahuset i tre år framover - No er ein ny avtale på plass!

Svorkaskilt på vegg


Bøfjorden Grendahus gjorde grunnarbeidet sjølv på dugnad med graving og legging av rør for fibernettet frå lia ovanfor grendahuset og ned til vegen. Svorka utførte installasjonen inn til huset og monterte utstyret innandørs som gir trådlaust internett – både i hovudetasjen og i kjellaren.

Bøfjorden Grendahus har no inngått ein ny avtale gjeldande for tre år framover som altså da gjev grendahuset gratis fiberinternett ut 2022!

Vi er veldig takknemlege for at Svorka viste vilje og positivitet slik at ein ny avtale kom på plass.

At vi fortsatt kan tilby internett ved utleige er utruleg viktig for oss! Og med nyinnkjøpt projektor kan også huset brukast til til dømes kurs og konferansar eller framsyningar ved andre arrangement.

Reklameskiltet på veggen som viser Svorka sin logo vil no henge på veggen i tre år til som ein del av denne sponsoravtalen.

Vi takkar Sals- og marknadssjef i Svorka, Sylvia Stokke, for ein ryddig og fin dialog og vi ser fram til tre nye år med samarbeid!

VI SPONSER BØFJORDNETT