Vidar Johnsen i storform!
100 personar fekk med seg konserten til tidlegare Vamp-vokalist Vidar Johnsen på Bøfjorden grendahus i går kveld - Haugesundaren serverte musikk av høg klasse!
Vidar Johnsen gav publikum valuta for pengane i går kveld - her fekk vi høyre "Vamp"-klassikarar i spedd solomateriale og songar frå samarbeidet med svenske Petter Nordberg. Den tidlegare "Vamp"-vokalisten helt det gåande i nærmare 2 timar! Johnsen har ein eigen evne til å skape kontakt med publikum - innimellom songane var det humorfylte kommentarar og samspelet mellom han og gitaristen var eineståande, både verbalt og musikalsk. Det toppa seg da Vidar Johnsen fekk latterkrampe i introen på ein sång - tilslutt var heile salen med på latterkula. Det var rett så triveleg på grendahuset!
Litt publikumsfrieri var det også plass til da gitaristen, Kjell Harald Litangen, sjarmerte alle med å seie; "Smærgræt og bakels"!! til stor glede for publikum! Dei hadde fått servert græt og bakels på sminkerommet, sjølvsagt!
I Sigrid Vetleseter Bøe sitt fråvær steppa 16 år gamle Kristine Holte inn som duettpartnar på den vakre duetten "Tir Na Noir" - ungjenta gjorde ein glitrande jobb og gav oss ein vakker versjon saman med Vidar Johnsen. Her var det nok mange som fekk frysningar i salen!
Vidar Johnsen har ein god og behageleg stemme som det er ein fryd og høyre på - og særleg på dei rolege sangane komme dette veldig godt fram. Han avslutta konserten med den store hiten frå tida i Vamp, "Månemannen", sjølvsagt med allsong frå salen. Publikum ville ha meir og etter ei skikkeleg klappesalve kom dei to karane ut på scena for ein siste gong og gav oss ei vakker og stemningsfull avslutning på ein fantastisk fin kveld - avslutningssangen "Men går eg øve engene" kan du høyre i videoen nedanfor!
Vi trillar terningen og landar på ein god femmar - vi må trekkje litt for høg lyd i starten men dette vart justert greit etter kvart - lyden vart klokkeklar og fin!
Det er også verdt og merke seg at lydutstyret som vart levert denne kvelden var av ypperste klasse; vi snakkar om utstyr med ein verdi i 100.000 klassa og vel så det! Dreamfarm AS frå Surnadal stod for dette saman med Ulset Lydproduksjon AS frå Tingvoll - supert opplegg!
Vi kan med det rette kalle denne kvelden for ein musikalsk suksess!