Vi har hjertestartar!

5508813_2645300

Bøfjord I.L fekk for nokre år sidan ein hjertestartar med tilhørande kurs - den vart gjeve av fondet til kombinertløpar Mikko Kokslien. "Bøfjordnett" ønskjer å informere bygdafolket og andre om kor hjertestartaren held til i tillfelle nokon ikkje har fått med seg dette.

På Settem står det eit skur som Bøfjorden Brannvern brukar til å lagre brannslokkningsutstyr i - skuret står til høgre når ein svingar ned mot Nordstranda, litt bortanfor verkstaden til Ingebrigt Garthe. Sjå biletet over her så blir det lettare og sjå kor den befinn seg.

Skuret er merka med to skilt, det eine står det "Brannstasjon" på og det andre står det "Hjertestarter" på. Og rett innom døra finn ein hjertestartaren.

Men husk at ved ein hjertestopp er det viktig å først starte med hjerte/lungeredning!! Hjertestararen er eit hjelpemiddel som kan brukast dersom ikkje dette fungerer!

Det var rundt 20 personar som var med på kurset da hjertestartaren vart gjeve til Bøfjord I.L. og eit lite oppfriskingskurs vart helde ei stund etter. Det er planar om nok eit kurs slik at enda fleire får moglegheita til å lære seg å bruke hjertestartaren.

Før helga vart det utført service på hjertestartaren av firmaet Blostrupmoen AS - no har den fått nye elektrodar og fått sjekka batteriet.

 

 

VI SPONSER BØFJORDNETT