Vellykka påskeverksted

Ei fullsett kyrkjestue i Åsskard bobla av liv måndag kveld. Mellom 30 og 40 små og store laga flott påskepynt og kosa seg etterpå med kveldsmat.

Vellykka a[1]
Nokre av påskekunstnarane med sine produkt. (Foto Bernt Bøe)
Vellykka b
Alle deltok med liv og lyst – soknerådsleiar Eva Jorid (i svart) og dei andre vaksne ikkje minst! (Foto Randi Bøe)
Vellykka c
Artig at pappa Sindre også lagar påskepynt, synest døtrene. (Fot Randi Bøe)
Vellykka d
Victoria imponerer både pappa Sondre og andre ved bordet! (Foto Randi Bøe)
Vellykka e
God mat runda av ein triveleg kyrkjekveld. (Foto Randi Bøe)


Vertane Eva Jorid Svendsen, Jane Svensli og Randi Bøe fryda seg over oppslutninga: - Tiltaket som dette må vera liv laga når både ungar, foreldre og besteforeldre deltek så talrikt!

Artig for alle

Samtidig som smårollingane fryda seg med å laga påskeharar, kyllingar og måla påskebilete, deltok også dei vaksne med eigne produkt. 

- Humor og kreativitet prega alle. Oppfinnsamheta var stor heile tida, seier fornøgde instruktørar.

Kveldsmaten smaka

Dei to kveldstimane gjekk fort. Til slutt spanderte arrangør Åsskard sokneråd skikkeleg kveldsmat. Både frukt, svele og brødskiver med godt pålegg gjekk ned på høgkant - med kakao, saft og kaffe attåt. Appetitten var det ingen ting å seie på!

Satsar på oftare kyrkjekveldar

Som eit liknande verksted før jul er meininga med dette tiltaket å auke frekvensen av «kyrkjekveldar». Soknerådet vil gjerne at alle får bruke kyrkja si oftast muleg og på mange måtar. Åsskard er velsigna med ei «kyrkjestue» som opnar for alle slags aktiviteter. 

Den store oppslutninga tyder på at ideen har slått an.

Bernt G. Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT