Vakker gudsteneste
Allehelgensgudstenesta har eit vemodig og samtid vakkert preg. I Åsskard søndag ettermiddag var minnestund med lystenning lagt inn i den vanlege liturgien.
Vidar Rygh forretta, klokkar Randi Bøe og diakon Gro Hauge Venås las tekster og leia bøner. To av vinterens konfirmantar, Mathilde og Vår, deltok i evangelieprosesjonen og tente lys for dei åtte som har gått bort det siste året.
Dei er: May Britt Hoås, Leiv Magne Bævre, Ellen Iren Snekvik, Jarle Gravvold, Geir Eggen, Greta Gjengstø, Olav Gjengstø og Steinar Skrøvset.
Salmar, musikk, bibelord og preike understreka denne søndagens særpreg. Samveret i Kyrkjestua etter gudstenesta gav høve til gode samtalar.
Ute på kyrkjegardane vart det også tent lys ved mange av gravminna.
... Bernt Bøe ...

![Vakker A[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5464281.2107.mls7suinbknsnp/800x0/6733159_5464281.jpg)






_3.jpg)






























