Vårsongfest i Bøfjorden

Når det livnar i lundar og lauvast i li, inviterer kor og operaartistar til årleg Vårsongfest i Bøfjorden. Søndag opnar grendahust dørene til kvitrande vårtonar, allsong og sjøsalt kabaret.

Vårsong b TriOpera
TriOpera er både muntre og seriøse. Frå venstre Maria Moen Nohr (mezzosopran), Hedda Hansen Berg (klaver) og Sigrid Vetleseter Bøe (sopran).
Vårsong a3 Kor P17
Prosjekt 17 er arrangør av Vårsongfesten og brukar allsongboka flittig. Frå venstre: Nora Bøe, Øystein Moe, Borghild Talgø, Liv Marit Polden, Einar Husby, Ann-Magret Botten, Inger Garthe, Kari Sæther, John Moe, Kirsten B. Bøe, Per Arne Hyldbakk og Randi Bøe.
Vårsong c Mat Bygdekv
Matserveringa blir besørga av Åsskard Bygdekvinnelag – her representert ved Ragnhild Skrøvset (t.v.) og Inger Lise Heggem.
Vårsong c Lars Eggen baryton
Operasjef Lars Eggen syng friske barytonsatsar.
VÅRSONG e Plakat


Gruppa TriOpera med Sigrid Vetlester Bøe, Maria Moen Nohr og Hedda Hansen Berg har makta å vekkje stor opera- og songinteresse på indre Nordmøre. Musikk som tidlegare vart skrudd av på radioen, har dei siste åra trekt fullsett Bøfjorden Grendahus.

Opera, «Melodiminne» og lokal musikal

Samtidig representerer arrangørkoret Prosjekt 17 både tradisjonell korsong, slagertradisjon og kortreist kabaretunderhaldning. Søndag serverer dei slagerstoff og evergreens frå sin eigen CD «Melodiminne» og utdrag frå dirigent Bernt Bøe sin fjordamusikal «Med segl og Wichmann».

Vårsongfesten kombinerer kunstnarlege ambisjonar og sosial trivselsprofil. Mellom operakunst av både munter og høgtflygande karakter kan publikum nyte bygdekvinnelagets kaffe og kaker ved borda. Og sjeldan er det vel gratis inngang til profesjonelle operaprogram som dette? På Bøfjorden Grendahus bestemmer du sjøl billettprisen – ved å kjøpe lodd til drift av det lokale musikklivet!

Trio med gjestande operasjef

Damene i TriOpera bur til dagleg på kvar sin kant. Sigrid Vetleseter Bøe – utdanna ved Operahögskolan i Stockholm, held til i Berlin. Maria Moen Nohr er tilsett i Trondheim Vokalensemble og begynte nyleg som assisterande dirigent i Nidarosdomens Guttekor. Saman med familien står ho kvar sommar i spissen for Bryggeoperaen på heimstaden Kjerringøy. Hedda Hansen Berg bur på Kvanne og pendlar til jobb som klaverpedagog i Kristiansund. Ho er ein dreven og etterspurt akkompagnatør.

Til Vårsongfesten i Bøfjorden har gruppa denne gong også invitert barytonen Lars Eggen, nytilsett sjef for Opera Trøndelag. Med han er konserten ikkje minst sikra både verbal og musikalsk humor.

Like viktig som nytelsen av opera, korsong, fjordakabaret og kaffebordets gleder er allsongen – sjølve urkrafta i alle års vårsongfester. Folk rundt borda er medaktørar like mykje som dei er publikum!

VI SPONSER BØFJORDNETT