Vårkonsert med lokal stjernetrio

Dei har sett området vårt på kartet - både nasjonalt og i Europa. Laurdag 6. april kjem Erling With Aasgård, Anders Larsen og Sigrid Vetleseter Bøe med ein stemningsfull Vårkonsert til Åsskard-kyrkja!

Vårkonsert A
Erling så å seie «vaks opp» på dette orgelet i Åsskard kyrkje. No deler han sin kunst med heimbygda. Foto: Bernt Bøe
Vårkonsert B
Både Anders og dette historiske instrumentet er fryd for musikkøret.Og bogen er frå Paris 1850! Privat foto
Vårkonsert  C
Sigrid syng like gjerne i heimekyrkja si som på operascenen. Her som Lady Macbeth på Läckö Slott i fjor sommar. Privat foto
Vårkonsert Plakat 2024 04 06


Frå musikkens skattkiste serverer dei perler som ein elles må reise langt for å høre. Konserten vil fryde alle sine ører.

Anders lovar oss Svendsens «Romanse» og Massenets «Meditasjon» på sin edle Testore-fiolin (bygd i Milano 1735). Berre den fela er verdt besøket! Både som solist og symfonimusikar i Trondheim har surnadalingen Anders eit nært forhold til dette klassiske stoffet.

Sigrid gler seg til å koma heim og fylle kyrkja si med store tonar av Mozart, Haydn og Brahms ved sida av smågodt av yndlingen Edvard Grieg. Ho er for tida i full sving med Wagners «Parsifal» på Kungliga Operan i Stockholm.

Erling kompar dei to andre, men lovar også orgelbrus av Mozart og Bach, blant anna den artige og folkelege «Bondefugen».

Som trio samlar Sigrid, Anders og Erling seg i lekre klangar av Richard Strauss 

og G. F. Handel.

Erling fortel at konserten markerer minnet om hans far, Bjarte With Aasgård, som døde i fjor. Minnegåva frå gravferda dekkjer utgiftene. - Difor er konserten heilt gratis for publikum, seier han. - Men den som vil, kan gjerne gi ein kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid i Åsskard!

Soknerådet er arrangør og håpar folk her heime kjenner si besøkelsestid. Det kan bli lenge til neste gong ein slik trio er på heimetraktene!

............... Åsskard sokneråd v. Bernt Bøe .....

VI SPONSER BØFJORDNETT