Unge fotballtalent på NEAS akademiet

Fleire av våre unge fotballtalent er med på NEAS akademiet i Kristiansund - ganske fantastisk ut i frå det lille fotballmiljøet som det er i BB-fotball.

Vegard-Fredrik-Birk
Unge fotballtalent: Vegard Kvam Aasbø, Fredrik Settemsdal og Birk Blekken

3 BB-spelarar har kome inn på NEAS akademiet i Kristiansund no - det er Vegard Kvam Aasbø, Fredrik Settemsdal og Birk Blekken, medan desse tidlegare BB-spelarane fortsatt er med; Arthur Rosvoll Bøe, Abel Raaen og Mia Settemsdal.
 
Her er det lagt ned ein stor innsats frå trenarar og andre som har bidrege til at det har vokse fram eit unikt fotballmiljø - no ser vi at dette arbeidet gjev frukter. All ære til alle involverte!!
 
Litt om Neas Akademiet:
 
NEAS Akademiet er ein arena for eit spissa spelarutviklingstiltak på Nordmøre i alderen 11-19 år. Gjennom sine aktivitetar skal NEAS akademiet kartlegge, påverke, bidra til å utvikle og motivere unge spelarar på Nordmøre uavhengig av klubbtilhørigheit.
 
HEIA BB!

VI SPONSER BØFJORDNETT