Typisk norsk?

Kva er typisk norsk mat? Kåseri utfordra gamle myter.

Typisk A IS ILH TS[1]
Kåsør Ingrid (t.v.) i samtale med to av dei ho imponerte, Inger Lise Heggem og Torbjørg Settem. «Ingridlunsj» på skjermen. Foto Bernt Bøe
Typisk B Ft Tor Gunnar Sollid
PC-assistent Bernt Bøe lærte mykje nytt. Med biletet på skjermen fortel Ingrid at taco i dag er meir typisk norsk enn kjøttkaker! Foto Tor Gunnar Sollid
Typisk C Ballgryte
Men sildballen i «gryta hennar bestemor» er ustoppeleg lokal mattradisjon. Foto Ingrid Sollid (frå biletserien)
Typisk D
Stor interesse i salen under biletkåseriet. Foto Randi Bøe
Typisk E Sabben
Maskinistane Anders Vaagland (t.v.) og Peder Sæther sørga for takfaste kommentarar frå Sabben ved ytterdøra. Foto Bernt Bøe


Søndagens kåseri «Mat og tradisjon» av Ingrid Kristine Holten Sollid på museet i Bøfjorden vart ein frisk presentasjon av nye og kanskje uventa tankar om emnet.

Rosa formødrene

Innleiingsvis løfta ho fram formødrene våre. - Dei gjekk ikkje på butikken etter ferdigprodukt. Tenk på alt arbeidet dei sjøl måtte gjera – frå å skaffe råstoff fram til delikate rettar stod på bordet!

Som småjente var ho fascinert av bestemor Olga i Settemsdalen og korleis ho arbeidde.. Sjøl har Ingrid følgt opp med å bruke godt gammaldags kjøkenutstyr og nyttiggjera seg naturens sunne og velsmakande ressursar.

Freistande «Ingridsalat»

Biletserien med matrettar av naturens urter og kortreist grønt vekte beundring blant dei frammøtte. - Altfor få har oppdaga all den gode smaken ein kan hente i naturen og like utafor stuedøra, seier ho og slår eit slag for både «Ingridsalat» og «Ingridlunsj». 

Når ho i tillegg er ein ypperleg fotograf, vart bileta på lerretet også reine appetittvekkjarar. Som ein sa etterpå: - Vi vart skikkeleg svoltne!

Pizza utklassar kjøttkaker!

Noko av kåseriet snudde opp-ned på kva vi reknar som «norsk tradisjonsmat». Vel kåra vi både i 1972 og 2014 fårikål som vår nasjonalrett. - Men den er jo komen frå Danmark! seier Ingrid. - Og kjøttkaker er like typisk i andre land som hos oss! 

Med støtte i ny statistikk slår ho fast at pizza har passert gamle rettar på rankinglista. I 2015 slo ein NRK-statistikk nemleg fast: «Pizza er Norges største middagsrett hver eneste dag.»

Tvilsame matprosessar

Som lastebilsjåfør i mange år bekreftar Ingrid det ho elles har googla mykje på: At såkalla «norsk» mat ofte gjennomgår ein langreist og usunn miljøprosess frå råstoff til kjøpeprodukt i nærbutikken.

Med sterkt engasjement la ho fram begrunna påstandar om tvilsame helsemessige, miljømessige (og politiske) trekk ved mange matprodukt..

Applausen og kommentarane etterpå vitna om at Ingrid Kristine Holten Sollid hadde gjort inntrykk med kåseriet «Mat og tradisjon».

Programmet hadde høveleg «tonefølgje»: Anders og Peder starta Sabben utafor trappa og minte dermed om fiske og sjømat-tradisjonar. Tøffinga og lukta av båtmotoren er vel i alle fall typisk norsk?

……Bernt G. Bøe, museumsleiar ...

VI SPONSER BØFJORDNETT