Tredje Bøfjord-dag: Hobby, kleppfisk og gudsteneste

Sommarens nest siste temadag på sjøbruksmuseet fall saman med dag 3 av Bøfjordhelga 2018. Ei ettermiddagsgudsteneste avslutta helga.

180909 Hobby a Amanda Ida Vår Mormor
Formingsbordet engasjerte. Nærast sit Amanda og Ida. Til høgre er mormor Inger Lise imponert over utklippsbåten «Noas Ark» som barnebarnet Vår har laga og dekorert.
180909 Hobby b
Einar, Vår og Syver teikna, klipte og fargela.
180909 Hobby c Magnhild og Gunnvor
Magnhild og Gunnvor skaffa fine julegåver og andre bruksting.
180909 Hobby d SK IB MB EB PS Utklipp
Kaffe og utklippsbøker skapte stemning hos gamle kjenningar. Frå venstre Solveig Karlsvik og søstera Ingeborg Bøklepp - karane er Magne Bøe, Einar Bøe og Peder Sæther (t.h.).
180909 Hobby e Kleppfisk a Leif EK & Bengt E
Leif Erik Kalseth (t.v.) og Bengt Eriksson attmed «toppladet» som prydar inngangen til museet.
180909 Hobby g HHBerg Åssk
Hedda Hansen Berg hadde si første teneste ved Åsskard-orgelet denne søndagen.


Hobby- og aktivitetsdagen samla mange på museet. Her var utstilling og salg av husflid, her stod modellbilar, bøker med avisutklipp frå fleire tiår og ikkje minst var  det mykje å ta tak i for dei minste.

Handarbeid og forming

Gunnvor Bøe og Magnhild Hustad Bøe fekk fin avsetning på handarbeidsprodukta sine. Her vart det sikra mange julegåver!

Dei minste hadde det livleg med både fotballspel og formingsoppgåver. Fantasifulle tegningar vart laga, båtar bretta – og «Noas Ark» fekk både form og farge!

Rundt kaffeborda vart det blada ivrig i utklippsbøkene, og mange gjenopplevde halvglømte hendingar og halvglømte ansikt.

På fanget til Hemingway

Dagens kåsør Leif Erik Kalseth viste på ein interessant måte historia bak Kristiansund som «kleppfisk-byen» og Nordmøre som produksjonsdistrikt for ei av våre viktigaste eksportvarer gjennom tidene.

Faren, Leif Kalset (1910-1986) var frå 1938 norsk visekonsul (seinare fiske-attache) i Havana på Cuba – eit knutepunkt i fiskeeksporten til Sør-Amerika. Sønnen, kåsør Leif Erik, vart fødd der. Han fortalte at faren somtid tok han med på byen – der kjendisar som Frank Sinatra og Ernest Hemningway vanka på puben. – Som 2-åring sat eg på fanget til sjølvaste Ernest Hemingway!

Museet i Bøfjorden skaper alltid samspel. Kristiansundaren Bengt Eriksson hadde like godt teke med seg ein ekte tustna-kleppfisk denne dagen – som umiddelbart skapte stemning og aroma i salen. Eriksson bidrog med interessante tilleggsopplysningar om dagens tema. Saman med Kalseth formidla han svært interessant kunnskap om ei viktig nordmørsk næring.

Ettermiddagsgudsteneste

Gudstenesta i Åsskard kyrkje denne ettermiddagen fletta seg også naturleg inn i ei helg som «varte tri dagar til ende».

Her forretta sokneprest Kristin Strand for eit kvart hundre frammøtte. Blant desse var vinterens to konfirmantar i Åsskard, Mia og Aurora, som vart presenterte for kyrkjelyden sin.

Den nytilsette organisten i Stangvik, Todalen og Åsskard, Hedda Hansen Berg, hadde si første søndagsgudsteneste i Åsskard. Ho vart helsa velkomen og var eitt av midtpunkta også under kyrkjekaffen – som alltid samlar folket etter gudstenester og samlingar i denne kyrkja.

Med sin flotte postludium fekk altså Hedda æra av å avrunde årets Bøfjord-helg.

VI SPONSER BØFJORDNETT