Tradisjonen lever vidare: Det blir julebord 4.juledag!

Alle er herved invitert til den koselege tradisjonen med julebord 4.juledag på Bøfjorden Grendahus - komiteen håpar på stort oppmøte i romjula!
Etter nok ein braksuksess i fjor, så har vi den store gleda av å invitere til julebord igjen!
Vi lovar topp stemning, nydeleg mat og STÆNBRA musikk!
I år som i fjor spelar "Gøy På Landet" opp til dans - etter at vi har ete kremet kyllingsuppe med brød og sunge noko klein allsong!
Prisen er 300,-
Bindande påmelding til Carina på nr: 95185657 / eller på Bua.
Betaling med kontant eller Vipps.
Meir info kjem etter kvart, sørg for å spre det gode budskap, vi har plass til mange i storstua vår!
Så ta på deg finstasen og bli med!
På Facebook er det oppretta eit eige arrangement kor du får all info om julebordet. Klikk deg inn her!