Tok i bruk kyrkja si

Måndag var det «Kyrkjekveld» for 6-åringane i Åsskard. Dei fekk ta i bruk kyrkja si.

Kyrkjekveld Åssk b[1]
Mange hadde livlege kommentarar om dåpen da Elsa samla dei rundt døypefonten. (Foto Bernt Bøe)
Kyrkjekveld Åssk a
Altaret og altaringen er ein viktig del av kyrkja. (Foto Bernt Bøe)
Kyrkjekveld Åssk c
Artig da organist Bernt let alle få blåse lyd i kvar si orgelpipe. (Foto Randi Bøe)
Kyrkjekveld Åssk d
Høgtid ved lysgloben når dei unge tente lys for kvarandre. (Foto Bernt Bøe)
Kyrkjekveld Åssk e
Soknerådet spanderte saft, kjeks og frukt som avslutning på kyrkjekvelden. (Foto Bernt Bøe)


Slike kveldar er ledd i kyrkja si trusopplæring. Oftast samlar ein fleire årstrinn, men denne gong berre gruppa som søndag får utdelt «Barnas Kyrkjebok».

Trusopplærar Elsa Jensvold, klokkar Randi Bøe og organist Bernt Bøe tok ungane med rundt i kyrkja – som dei jo er eigarar av. Det var samling ved altaret og døypefonten, prøveringing med klokkene og besøk ved orgelet.

Elsa heldt andakt, der ho fortalte om blinde Bartimeus, som fekk synet att av Jesus. Bevegelsessongar frå «Mi Kyrkjebok» vart leika og sunge. Og tenning av bønelys i globen var ei høgtidelege stund.

Kvelden vart avslutta med kjeks, frukt og saft i Kyrkjestua.

Søndag er det «Gudsteneste for små og store» i Åsskard-kyrkja. Attåt at 6-åringane får «Mi Kyrkjebok», deltek barnegruppa Amigos med mange spennande innslag.

VI SPONSER BØFJORDNETT