Todalen og Åsskard søndag: Julemusikk for alle

Nystarta «Prosjekt 17» byr på julemusikk for kvar smak når dei inviterer til konsertar i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag.

005 Jul Amigos a
Dyktige Amigos opnar konserten i Åsskard.
002 Jul Sigrid a
Sigrid syng «O helga natt» og arier frå «Messias» og «Juleoratoriet».
004 Jul Erik a
Med internasjonale operaengasjement og ærerike stipend i lomma blir bassen Erik Rosenius med i Åsskard-programmet.
Fb Julekvartett 2017 Odd Trond H Zhala Anna Foto 2b Red
Den internasjonale strykekvartetten som spelar inn jula i Todalen og Åsskard består av fiolinistane Odd Sonntag (t.v.) og Trond Harald Saltnes, cellisten Zhala Aliyeva og bratsjisten Anna Ostachowska. Akkurat denne helga kallar dei seg rett og slett "Christmas Quartet".
00 Jul Tod 2017 12 17 Plakat

 

- Kom og syng julesongar med orkester og med oss! seier arrangør-koret. Forsamlinga er nemleg viktig aktør i opplegget - samtidig som solistar, kor og musikarar lovar både julegospel og smak av oratorium.

«Prosjekt 17» er eit nybygg på tuftene av Åsskard Kyrkjekor, Todalskoret og Bøfjorden Mannskor. Med på laget er også ein internasjonal strykekvartett: Trond H. Saltnes, Odd Sonntag, Anna Ostachowska og Zhala Aliyeva. Tor Strand trakterer orgel og piano. Solistar er sopranane Torunn Kroknes og Sigrid Vetleseter Bøe – som i Åsskard får selskap av bassen Erik Rosenius. Der syng også barnegruppa Amigos.

Programmet spenner frå spilder nytt via kjent og kjært julestoff til klassiske «Høgtidstonar» med arier og korsatsar frå Bachs «Juleoratorium» og Handels «Messias». P17 opptrer både som blandakor, mannskor og damekor. Torunn syng elles bl.a. «Julvisa» av Sibelius med strykarar, og Tor og Sigrid serverer «O helga natt» i fransk originalpakning. Etter Buxtehudes spenstige lille kantate «Jeg synger julekvad» tonar konsertane ut med umistelege «Deilig er jorden».

I Todalen (kl. 15.00) er det billettsalg ved inngangen. Åsskard (19.30) har kollekt til dekkjing av utgifter.

Mange julekonsertar i distriktet kjem tett på kvarandre. Både Todalen, Ranes og Åsskard syng jula inn denne søndagen. Men programma er ulike og utfyller kvarandre. Difor er tidspunkta lagt slik at ein rekk å besøke Ranes anten etter Todalen eller før Åsskard!

VI SPONSER BØFJORDNETT