Tida stod stille på julemarked

Julemarkedet ved Gammelskulen i Bøfjorden i helga vart ein kjempesuksess – og no lovar arrangøren, Gammelskulen Skrot & Gjenbruk, nytt arrangement neste år!

20191130_145620
Folk i hopetall kom på julemarked i Bøfjorden
20191130_143649
Gammelskulegata med yrande liv
20191130_143640
Ein kunne kjøpe rykande ferske kürtöskalàcs som vart laga mens ein stod og venta.
20191130_145718
Stemningsfullt med skilt som viste veg
20191130_141234
Traktornissen pryda Gammelskulegata


Området ved Gammelskulen i Bøfjorden var stilfullt pynta i skikkeleg advents-ånd denne laurdagen – akkurat som ei lita julegate frå ei anna tid. Folk strøymde på og det var nesten ikkje parkeringsplassar å oppdrive utover heile dagen.

Her kunne ein kjøpa seg ein kopp gløgg eller kakao som ein kunne varme seg på når ein tusla i rundt bodene som var fylte med lopper og andre fine julegjenstandar.

Det var fine julenek til sals og ein kunne kjøpe rykande ferske kürtöskalàcs som vart laga mens ein stod og venta. Og inne i den staslege torg-vogna var det mykje fint av ting og tang.

Det var eit yrande liv heile dagen og ein fikk ein følelse av at tida stod stille - at ein plutseleg kom til ei anna tid – som å være i «gammeltìn».

Med brennande faklar rundt om og fin julemusikk som surra som eit fint bakteppe for heile dagen fekk alle og ein kvar kjenne på julestemninga!

Snøen gjorde dagen perfekt! Og når skumringa kom vart det berre heilt fantastisk i julegata ved Gammelskulen!

Arrangøren, Gammelskulen Skrot & Gjenbruk, skreiv følgande på sine Facebooksider etter arrangementet:

«- Tusen hjertelig takk til alle som var innom Julemarkedet vårt i Gammelskulegata i går. Vi er overveldet! Dette blir en tradisjon!»

Så da er julestemninga sikra neste år også!

VI SPONSER BØFJORDNETT