Temadag om båtbygging
Søndag viser Bøfjorden Sjøbruksmuseum historikk om bygging av farty på Nordmøre. Eitt av skipsverfta stod nettopp der museet er i dag.
Små robåtar, seglskuter og havgåande dampskip er opp gjennom tida bygde langs fjordane våre. Sjøbruksmuseet har både reiskap, kunnskap og eit rikt fotomateriale om denne tradisjonen.
Forteljingar om båtbyggjarar, båtar og mannskap, humor og dramatikk krydrar biletkåseriet. Og kaffe er det alltid å få!