Tema på museet: Mat og tradisjon

Tradisjonar er i endring - også når det gjeld mat. Har taco teke plassen frå havregraut og potetkake?

Mat og trad INGRID KHS[1]
Mat og trad Plakat


Søndagens kåsør på Bøfjorden Sjøbruksmuseum, Ingrid Kristine Holten Sollid, har mange tankar om dette. 

Ho tek for seg gamle og nye trendar i matvegen. Naturen som sunt spiskammers blir eit viktig moment i programmet.

- Ikkje minst skal dette bli ein hyllest til formødrene våre, seier Ingrid. - Dei fortener stor ære for måten og kvaliteten dei har forvalta ofte små og begrensa ressursar på!

Ingrid håpar også at mange i salen kjem med innspel, eigne tankar og erfaringar som har med mat og kosthald å gjera.

Utan å blande seg inn i matforedraget lovar dessutan kjøkenfolket kaffe og velsmakande tilbehør også denne søndagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

… Bernt G. Bøe for Bøfjorden Historielag …

VI SPONSER BØFJORDNETT