Tema Gammelveg

Kvar gjekk postvegen i gamle dagar? Kven opna Markavegen? Hugsar du da mjølkeruta kroka seg innom alle gardstun?

Tema GmlVeg e Høgbrua
Høgbrua over Settemselva - eit skjult, fint byggverk.
Tema GmlVeg d Sollisvingen
Sollisvingen – idyllisk og somtid utfordrande. Snøkledde Tussar i bakgrunnen.
2017 07 23 Plakat MUSEET


Gamle vegar er tema på museet i Bøfjorden søndag. Måleri og gulna papir kastar lys over dei kongelege ferdselsårene. Foto og folkeminne leitar opp nedgrodde kjerrevegar. Ulike prosjekt viser korleis ferdsla har skifta - i Todalen, Stangvika,  Halsa og Bøfjorden.

Drama og artighet langs gammelvegen krydrar historielagets biletkåseri.  Postbering frå Røen til Stangvika var ikkje ufarleg! Og kva som skremte karane i Settemsdalen i 1896, visste du kanskje ikkje? Med diktarar og kongar i manuskriptet er også kjendisprofilen sikra.

Etter kåseriet blir det spasertur frå museet utover Bakkabukta. Under vandringa stansar ein og minnest både skipsverft, hollendersagbruk, legendariske handelsmenn, sildnotbruk, «trivelegaste heimen i Bøfjorden» (sitat Hyldbakk) – og sjølsagt bruer og vegar som langt på veg er forsvunne.

VI SPONSER BØFJORDNETT