Tema Friluft på museet: Turtips til lands og til sjøs

Alle med sans for trim, kulturminne, fjell- og sjøliv får gode tips og informasjon på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Tema Friluft A Utsikt[1]
Praktfull utsikt frå Bølia – over Bøfjorden mot Kristiansund og Trøndelag. Foto Martin Aarbogh
Tema Friluft B Båttur
Båttur langs Kalsetlandet i frisk sommarbris. Foto Bernt Bøe
Tema Friluft C Skilt
Bøfjord Idrettslag har skilta korte og lengre turar rundt bygda. Foto Bernt Bøe
Tema Friluft D Trodalen
Trodalen er ynda turmål. Her skuletur for nokre år sia. Foto Bernt Bøe
Tema Friluft E Modellar
Modellar av jekta «Hansine» og snurparen «Veslegut» blir ekstra innslag på museumsdagen. Montasje: Bernt Bøe
2025 08 24 Plakaten


Historielaget markerer Friluftslivets år 2025 med temadag på sin måte. Ein biletserie gir forslag til utflukter i vakker natur ut frå heftet «Turar i Bøfjorden». Her er opplegg for alle ambisjonsnivå: Til Kalset og Hyllrabben kan ein trille barnevogn. Litt brattare, men overkommeleg for dei fleste, er Hjelmen og Blåfjellet.

Kulturhistorie og strandhogg
Spennande hendingar og særtrekk knyter seg til dei 26 rutene i heftet. Mykje utfaldar seg i foto på lerretet.

Vante turfolk i salen vil kommentere turane, og ordet er fritt for alle innspel.

Dessutan innbyr sjøen til  båttur og strandhogg. Programmet gir aha-opplysningar om busetnad, fiskeplassar og dramatiske hendingar langs fjorden.

Ekstra: Modellskuter
Som ekstranummer dukkar to modellbyggjarar frå Averøya opp med nye, prektige skuter: Magne Norman Otterlei med miniutgåve av snurparen «Veslegut» og Charles Leite med jekta «Hansine». Dermed vil også skipsfarten på havet og langs kysten bli del av museumsprogrammet.

Søstrene Kirsten og Astrid ståkar på kjøkenet.
 

.... Bøfjorden Historielag ...
 

VI SPONSER BØFJORDNETT